Friday, March 9, 2007

Noise Pollution presenterer to klassikarar: Van Halen - Van Halen og Van Halen - 1984







Van Halen er ikkje tungt. Det er ikkje avansert. Det er enkelt. Det er kort. Det er kunst.

I alle fall dersom vi snakkar om perioda med David Lee Roth som vokalist, altså fram til 1985. Eg skreiv at Van Halen ikkje er avansert. Det stemmer. Men gitarspelet til Eddie er ikkje akkurat for nybegynnarar.

Van Halen har gitt ut seks plater med Lee Roth: Van Halen, Van Halen 2, Women And Children First, Fair Warning, Diver Down og 1984. Det blir vanskeleg å rangere desse.

Fair Warning (1981) er den mest undervurderte. Den er tyngre og dystrare enn dei andre, men byr på minst like gode riff og fantastiske songar som dei andre albuma. Karakter: 5+

Diver Down (1982) byr på like mykje covermateriale som eigenprodusert stoff. Versjonen av Pretty Woman er kanon, og det at fader Jan Van Halen er med på fløyte trekk opp. Men dette er heilt klart den svakaste plata med Lee Roth. Karakter: 3/4

Women And Children First (1980) er ei artig plate. Could This Be Magic er min personlege favoritt på albumet. Karakter: 5

Van Halen 2 (1979) er på ingen måte like bra som debutalbumet, men det du finn her held i massevis. Karakter: 5

Då står vi att med to plater som fortener terningkast 6:

Debutalbumet Van Halen (1978) er noko av det beste vi har høyrt frå eit debuterande hardrockband nokon gong. Fem klassiske låtar er inkludert: Gitarsnutten Eruption er rein verdsklassespeling frå ein av tidenes absolutt beste gitaristar. Aint Talkin Bout Love er inne på mi topp 10-liste over alle låtar uansett sjanger. Opningssporet Runnin With The Devil er toneangivande. Coverlåten You Really Got Me gløymer ingen, og Jamies Cryin er herleg seig og frekk.

Dei andre låtane er heller ikkje annanhands. On Fire, Feel Your Love Tonight, Atomic Punk, Little Dreamer, Ice Cream Man, og Im The One har alle gjort at Van Halen sitt opningsalbum er ei av dei platene eg har høyrt mest på gjennom mine snart 20 år.

Men det er mogeleg at 1984, gitt ut nyttårsaftan 1983, er vel så bra. Jump har alle høyrt, og treng ingen nærmare presentasjon. Det same gjeld kanskje Panama, som etter mi meining er nesten like kul. Hot For Teatcher har også gått sine runder på MTV og VH1. Men 1984 har også meir å by på.

Ill Wait er ikkje spesielt typisk Van Halen. Den er omtrent som ei ballade å rekne, og minner mest om Fair Warning, og det funkar som eit støtt fjell. Top Jimmy (som representere skiva då vi kåra dei 13 beste hardrockplatene gjennom tidene før jol) er ei morosam sak og House Of Pain gjer seg heller ikkje vekk.

Kvifor måtte du forlate Van Halen så tidleg, David????

Han er tilbake no, blir det sagt, minst 20 år for seint.

2 comments:

Qvilio said...

Van Halen var vel support for Black Sabbath på Never Say Die-turneen?

Ellers har jeg lite kjennskap. Bør kanskje gjøre noe med det.

Einar said...

Stemmer. Van Halen vart jo kjende fordi dei spelte ræva av eit slapt og umotivert Sabbath på den turneen.

Van Halen 1 og 1984 er absolutt pensum, og føyer seg inn i sjangeren vanleg hardrock.

Fair Warning er ei litt tyngre sak som også er meget bra.