Wednesday, January 17, 2007

Iron Maiden - Historikken del 2

Ny vokalist - tidlaus plate

The Number Of The Beast - Terningkast 6

Inn for Paul Di Anno kom ein kar som hadde vore vokalist i Samson. Der kalla han seg Bruce Bruce, men Harris og co meinte at det vart for flåsete, og mannen som erstatta Di Anno tok tilbake sitt gamle namn - Bruce Dickinson.

Dickinson hadde (og har enno) kanksje den kraftigaste og mest slitesterke røysta innan hard- og heavyrock. "Sirena" vart han kalla, grunna den operaliknande røysta.

Dicksinson sitt første album med Iron Maiden var "The Number Of The Beast" frå 1982. Det var då det verkeleg tok av. Tittelsporet, radiohiten "Run To The Hills" og meisterverket "Hallowed Be Thy Name" er alle rockeslgarar utanom det normale. Dei fem øvrige spora (seks på utgåva som blir gitt ut no) var også av eit farleg kaliber. Spørr du fansen, vil kanskje ein høgast prosentandel svare at dette er Maiden sitt beste album.

Som så altfor mange andre band, vart også Harris og co beskylda for å vere satanistiske. Tala 666 i refrenget på "The Number Of The Beast", teksta i den songen forøvrig, samt ein djevelliknande figur saman med Eddie på coveret, vart for mykje for ein del kristne. Harris fortel at teksta rett og slett er basert på ein draum.

Martin Birch var no fast produsent, og med ein svolten vokalist, ein som alltid stødig bassist og songskrivar, samt to gitaristar som utfylla kvarandre på det mest imponerande vis, måtte rett og slett berre The Number Of The Beast bli ein tidlaus klassikar.

2 comments:

Qvilio said...

Synes den har et par dødpunkter (Gangland, blant annet), men plata er og blir klassisk. Tittelsporet, Children of the Damned og Hallowed be thy Name er klassikere, men min personlige favoritt på denne er faktisk the Prisoner, som har et deilig driv.

Einar said...

Prisoner skulle ha vore spelt oftare live. Då kunne den ha blitt ein verkeleg klassikar. Det same gjeld Children of the damn. den var med på setta litt ut på 80-talet, men ikkje sidan så vidt eg veit. Av ein eller annan grunn har eg sansen for Gangland. Grunnen til at eg gir denne plata 6, og ikkje piece of mind, er at dette tross alt var gjennombrotet og dickinson sin debut.