Gode gamle Sabbath har vi ikkje hatt om på Noise Pollution enno. Skal eg følge planen, så skal eg ta for meg dei i februar. Men så vart jo alt utsatt og eg finn ikkje igjen planen eg laga og så vidare. Men historia til Sabbath treng du ikkje vente på. Den har allereie ein mann med namnet Stig Kviljo skrive. Klikk deg inn på http://rightnextdoortohell.blogspot.com/ , og du finn historia til bandet i to delar ute i høgremenyen.
Mitt forhold til Black Sabbath begynte vel då eg først høyrte Paranoid (songen), men når det var, kan eg ikkje datere. Det eg veit, er at eg var i Tyskland hausten 2002. Eg hadde ingenting av Sabbath, men måtte ha det. Dessverre, kan eg seie i dag, valte eg ut ein tilfeldig CD blant 20 Sabbath-album på ei svær platesjappe på eit svært kjøpesenter i den ganske så svære byen Berlin. Og valet fall på Never Say Die.
Plata datt inn i discmanen, og vart underhaldninga mi på den historisk keisame ferda frå Berlin til Hareid. Eg meinte faktisk at det var ganske tøft. Tittelkuttet var flott, og Juniors Eye og andre songar fall lett i smak i sinnet til ein 15-åring.
Men det skulle bli så mykje betre.
Under juletreet seinare same år fann onkel Rasmus det for godt å legge Paranoid. Og kva var det eg gjorde den romjola? Jo. Det gjekk i Paranoid og atter Paranoid. På discman, og på den vesle CD-spelaren. War Pigs, Paranoid, Planat Caravan, Iron Man og så vidare.
Det at Rasmus gav meg eit 32 år gammalt album til jol, passa glimrande med at Ozzy var i vinden den romjola. Eg fekk supplert høyringa av albumet med spesialprogram om Ozzy på TV Norge, og x antal episoder av The Osbournes.
Eg høyrte gjennom Paranoid i dag. Og minna kjem fort på. Eg vart Sabbath-frelst romjola 2002.
Etter kvart som eg skriv dette, begynner eg å lure. Skal eg framskunde Sabbath-sendinga til neste onsdag. Og stiller du som studiogjest via telefon då, Stig Kviljo?
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
4 comments:
Vi kan jo alltids prøve. Når på dagen er det?
Jeg synes forresten Never Say Die er ganske passe bra. Har mange gode minner knyttet til den hvertfall. Men karrierehøydepunktene slik jeg ser det er Sabbath Bloody Sabbath og Sabotage.
Trur programmet skal gå 8 eller halv 8 onsdag. Har ikkje bestemt meg for om d blir Sabbath eller kva det blir. Har satt opp følgande utkast til speleliste til Sabbath-sendinga: Black Sabbath, Paranoid, Sweet Leaf, Tomorrows Dream, Symptom of the Universe og heaven and Hell. det eg har tatt hensyn til, er at ikkje for mange av songane skal vere lange (7, 8 min), og at låtane må vere respektive for karriera til bandet. Dersom du blir med, tenkte eg at du kunne fortelle om ditt forhold til bandet, korleis du kom inn i det og favorittalbum og favorittlåtar, pluss at du kunne introdusert eit par songar.
Føler vel at det skulle vært Children of the Grave fra Master of Reality, og hva med Changes fra vol 4? Så blir det litt variasjon.
Ja må tenke på det. Blir ikkje BS denne onsdagen, så har jo god tid på å klekke ut ein plan.
Post a Comment