Wednesday, January 17, 2007

Iron Maiden - Historikken del 6

Nye tider - keisam musikk

Blaze Bayley (ex Wolfsbane) hadde inga dårleg røyst. Men erstatte Dickinson kunne han ikkje - sjølv om det var nettopp han som fekk det oppdraget. Dei to platene Maiden laga med Bayley var særs lite spennande, og høgdepunkta var det få av. Ikkje var det Bayley sin feil. Låtmaterialet var svakt, og bandet virka umotivert.

The X Factor (1995):

Terningkast: 2

Opningskuttet Sign Of The Cross gjer seg godt, men elles er her ingenting å skryte av.

Virtual XI (1998)

Terningkast: 2

Det var fotball-VM, og Iron Maiden spelte på det - utan å lukkast. Futureal og The Clansman er tøffe, men det er vanskeleg å snakke varmt om andre spor her.

I 1999 kom ei nyhende som nesten var for god til å vere sann. Dickinson kom tilbake, og Adrian Smith kom inn som ein tredje gitarist. No var Maiden ein sekstett!

5 comments:

Qvilio said...

Fotballgreiene var rimelig teit og jeg har aldri skjønt hvorfor The Angel and the Gambler varer i nesten ti minutter.

Synes dog ikke at The X-Factor er så ille. Flere greie låter på den, men vokalen og produksjonen ødelegger for min del.

Einar said...

og kan du forstår kvifor the angler and the gambler var singel frå albumet?

Eg var litt i tvil om kva eg skulle gi the x-factor. høyrte faktisk veldig mykje på det for nokre år sidan. no derimot stoppar eg etter dei tre første spora.

Qvilio said...

Videoen til Angel and the Gambler er jo legendarisk teit.

Einar said...

forstod heller aldri vitsen med den nei

Einar said...

forstod heller aldri vitsen med den nei