Eg veit ikkje nøyaktig når vi skal ta for oss Led Zeppelin på Noise Pollution, og kor vidt vi deler bandet sin katalog opp i to perioder. Men diskusjonen får vi ta ein gong. I dag skal vi berre anbefale ei av platene til bandet.
Led Zeppelin planta seg sjølv på musikkartet med sitt debutalbum. Led Zeppelin (1) var rå, seig, hard, mjuk, overraskande og fengande. Ein kan seie mykje om alle skivene til Zeppelin - men heile katalogen deira (ikkje i like stor grad Presence og In Through The Out Door) er prega av variasjon.
Led Zeppelin 2 var intet unntak, og følgte i fotspora til debuten. Men 2-aren var betre teknisk utført, hadde betre låtar og har i likheit med Led Zeppelin 3, Led Zeppelin 4 (eller Four Symbols) og Physical Grafitti status som gigantar i rockehistoria - eller musikkhistorikken generelt sett, for så vidt.
Det heile blir sparka i gong med Whole Lotta Love. Riffet er legendarisk, og songen har eit driv som du ikkje finn mange andre stader. Whole Lotta Love er nok den beste prestasjonen til Zeppelin på deira tre første album, og truleg den låten som Zeppelin framførte flest gongar i si karriere.

(Eg kom forresten over noko kult ein gong. Eg såg ein halvhjarta Def Leppard-konsert frå 1993 på DVD, og midt inne i "Rocket" spelte dei Whole Lotta Love)
What Is And What Should Never Be er lågmælt, men avløyser opningssporet perfekt. Så følger The Lemon Song, som visst nok skal vere stjelt frå eit anna band. The Lemon Song er plata sitt lengste spor, men det blir aldri keisamt. Eit knalltøft riff held det heile gåande.
Thank You er lågmælt, men passar fortreffelig inn i selskapet, og gjer seg godt etter den meir heavy The Lemon Song. Thank You er nesten som ei ballade å rekne, og blir drive fram av godt orgelspel, god vokal og akustisk gitarspel av Page.
"Pagey" slår til med nok eit fortreffelig riff på Heartbreaker. Legg også merke til John Paul Jones sitt basspel. Heartbreaker er kanskje albumet sin nest beste låt etter Whole Lotta Love.
Den sjette songen ut er Living Loving Maid (She`s Just A Woman). Den kan vi vel kalle ei fengande sak. For endte og heller ikkje siste gong på plata blir songen drive av eit herleg og hardt riff. Ramble On begynner roleg, men tar av på refrenget. Den akusiske gitaren er nok ein gong i fokus, og vokalen til Plant skal ingen klage på.
Plant får ikkje vere med på Moby Dick. Det er ein instrumental. Mange kaller det ein trommesolo, men både bassen og gitaren er i også med - det første minuttet og heilt på slutten

Bring It On Home dreig det heile heim. Den minner meg veldig om debutalbumet. Bluesinspirasjonen er meget tydeleg - spesiet i startpartiet. Bring It On er ei fengande sak, og er ei verdig avslutning på ei historisk plate.
Ni klassikarar av ni mogelege. Ingen skal rokke ved statusen til Led Zeppelin 2. Dette er kanskje den første hardrockklassikaren nokon gong. Heller ikkje den siste, men 38 år etter har vi enno ikkje gløymt Zeppelin sitt andrefødte.

8 comments:
Bra og utrolig jevn plate. Setter denne og debuten ca like høyt.
Hører nå på In Through The Out Door som jeg ikke har sjekket ut tidligere og jeg syns faktisk den var veldig bra, selv om den er veldig annerledes enn de andre. Ikke så hard som PG og Presence og mer synth, men jeg syns det funker. In The Evening og All My Love er veldig bra, men det kuleste syns jeg er Carouselambra, som er en skikkelig annerledes låt med mange kule partier. Hot Dog er også artig. Tror faktisk jeg liker denne bedre enn Presence, III og Houses of The Holy. (men alt av Zeppelin er gull bare så det er sagt)
Eg likar All My Love.
Grunnen til at det er mykje synth, er vel at det er John Paul Jones som har skrive musikken til store delar av plata.
Det stemmer. Han beviser i aller høyeste grad at han er dyktig, selv om han ikke akkurat er Jon Lord. Jeg synes både Presence og In Through er gode plater egentlig. Per i dag rangerer jeg Led Zeppelin slik:
1. IV
2. Physical Graffiti
3. Led Zeppelin
4. Led Zeppelin II
5. In Through The Out Door
6. Presence
7. Houses of the Holy
8. Led Zeppelin III
Houses og III inneholder noen mesterlige enkeltlåter, men faller litt gjennom helhetlig, mener jeg.
Eg er ikkje heilt einig med dei. Eg synest at Presence er den minst interessante LZ-plata.
Eg har dessutan ein forkjærleik for LZ 3. Det kan ha med at den var mi første plate av dei, men også at det er ei kanon gjennomført plate. Det er mykje akustiske låtar, og det funkar fjell. Det er i alle mi favoritt "akustikk-plate" (ikkje det at eg har så mange, kanskje ikkje fleire enn LZ3).
mi liste blir slik:
1. IV
2. Physical Grafitti
3. Led Zeppelin III
4. Led Zeppelin II
5. Houses Of The Holy
6. Led Zeppelin I
7. In Trough The Out Door
8. Presence
III og Presence er jo nærmest motpoler i så måte da Presence er den mest elektriske plata dems. Jeg liker Achilles Last Stand og spesielt Nobody's Fault But Mine som er en av bandets kuleste låter.
III har Out On The Tiles og Gallows Pole som er store favoritter her i gården. Immigrant Song, Friend og Since I've Been Loving You er klassikere. For all del en flott plate.
Hørte PG og IV etter hverandre i dag og kom egentlig frem til at jeg liker Physical Graffiti litt bedre. Jeg endrer med det lista mi til følgende:
1. Physical Graffiti
2. IV
3. Led Zeppelin
4. Led Zeppelin II
5. In Through The Out Door
6. Presence
7. Houses of the Holy
8. Led Zeppelin III
Å kåre ein vinnar av Physical Grafitti og IV blir i grunnen heilt meiningslaus. Det blir på ein måte den største klassikaren mot det beste albumet. Noise Pollution prioriterte PG, så då sette eg opp IV her.
Presence er for all del bra den også. Achilles Last Stand er rein verdsklasse.
Tror egentlig John Bonham er mye av grunnen til at jeg har sansen for Presence. Skikkelig trommeplate.
Post a Comment