
Medan vi ventar, og kanksje gruar oss litt til at Guns N Roses skal kome med ny plate, skal vi i Noise Pollution ta for oss den positive perioden til bandet på onsdag. Vi har fått ein relativt stor fan av GNR til å stille opp som gjest per telefon, og skal som vanleg oppsumere det aktuelle bandet si historie på så kort tid at vi også rekk å spele mykje musikk av dei.
For at du skal vere så førebudd som mogeleg til onsdag, tar vi her for oss bandet sin diskografi:
Appetite For Destruction (1987)
Guns N Roses traff blink på første forsøk - til og med heilt på midten av blinken. Eit av tidens aller aller beste album nokon gong. Det går ikkje an å argumentere mot det - anten du skulle vere gospelfrelst eller ha mest sansen for death eller black metal. På det mest perfekte vis blir vi ønska velkomne med Welcome To The Jungle. Deretter kjem klassikarane som perler på ei snor. Ikkje ein dårleg song - ikkje eit dårleg sekund! Til og med Anything Goes funkar fjell! Men dei aller aller beste songane heiter Sweet Child O Mine og Paradise City. Og kva med Rocket Queen, Mr. Brownstone og Night Rain? Eg bøyer meg i støvet!
GNR Lies (1989)
Ei rar blanding. Fire songar frå EP-en Live Like A Suicide (1986) blir følgt av fire nye akustiske spor. Dei gamle songane er rølpete. Ein av dei er Mama Kin, opprinneleg ein Aerosmith-låt. Kanskje ikkje så rart. Det er vel ikkje noko band som har inspirert GNR så mykje som Steven Tyler og co. Move To The City må også trekkast fram. Den har blitt spelt på mang ein konsert. Kva med dei fire siste spora? Patience er ein udødeleg klassikar. Youre Crazy, som var med på AFD, får ein ny form. One In A Million har blitt kritisert grunna Axl sin homohets, og Used To Love Her ein kort og humoristisk song.
Use Your Illusion 1 (1991)
Dette albumet vart klokka inn på 76 minutt og fire sekund, og er full av høgdepunkt - og nokre spor som ikkje når heilt opp. Den ni minutt lange ballada November Rain er udødeleg. Det same gjeld ein annan roleg song; Dont Cry. Dust N Bones er bra, og GNR sin versjon av Live And Let Die er betre enn Paul McCartney sin. Det er mykje anna snacks på albumet også, men "resten" er ikkje av AFD-kvalitet. Garden Of Eden forstår eg ikkje heilt poenget med. Mange av dei andre songane er over middels gode bluesinspirerte spor.
Use Your Illusion 2 (1991)
Hakket betre enn 1. Civil War startar festen. 14 Years og Yestedays følger opp, og versjonen av Dylan-klassikaren Knockin On Heavens Door er kanonfeit! Lenger ute i leksa finn vi Pretty Tied Up og songen som kanskje er Use Your Illusion-albuma sin beste: You Could Be Mine. Kvifor ein versjon av Dont Cry med anna tekst er inkluderet vitast ikkje. Og My World er totalt meiningslaus. Men UYI2 får ein sterk sterk femmar, mot UYI1 sin sterke femmar.
The Spaghetti Incident? (1993)
Eit album beståande av andre band og artistar sine punklåtar. Det fungerer på ingen måte optimalt. Har du høyrt Since I Dont Have You? Den stikk seg fram, men hadde nok aldri blitt vurdert til å ta med på UYI-platene. TSI? er ikkje eit svakt album. Men dette er milevis frå AFD, og for den del UYI.
Live Era (1987-1993) (1999)
Dette dobbeltalbumet MÅ du ha! Musikkhistorie kallar vi slikt. Pensum er eit anna omgrep som passar. GNR er ikkje på topp på alle låtane, og vi får ingen verdig versjon av Sweet Child O Mine, men totalt sett er Live Era ei gullgruve. Vi saknar kanskje Live And Let Die og Civil War, men versjonane av til dømes Rocket Queen og Used To Love Her hevar seg i forhold til det som vart gjort i studio.
2 comments:
Appetite er selvsagt klassikeren, men jeg synes på en måte at Illusion-platene er mye mer spennende. Helt enig i at Illusion II er bedre enn I. Men den første har vel kanskje noen sterkere enkeltlåter. En låt jeg savner i gjennomgangen din er Estranged. Det er kanskje den beste låten dems i mine ører.
Estranged er fin.
Einig i med deg i at Use Your Illusion-albuma er spennande. Og slik må det jo bli med 2 x 75 minutt musikk.
Use Your Illusion 2 er eit av dei albuma eg har spelt mest nokon gong, kanskje top 10 faktisk.
Post a Comment