Thursday, February 8, 2007

Maidenmann i Maidenland - teksten, eller utkastet, som aldri kom på trykk


Etter Iron Maiden-konserten eg var på 21. november i fjor, skreiv eg ned nokre liner. Etter kvart vart det ein heil tekst, eit utkast, og plutseleg sendte eg den til Vikebladet/Vestposten, som ville trykke den. Eg hadde også ein munnleg avtale med Bodøstudenten. Men Vikebladet/Vestposten sa aldri noko meir. Og når Bodøstudenten skulle trykkast, var det plutseleg veldig lenge sidan konserten. Eg har ikkje sett på det eg skreiv sidan seint i november, men eg klipper den inn her:
Maidenmann i Maidenland

Klokka er 15.30, 21. november 2006. Eg og kompanjongen min står utanfor Vallhall. Eit band som hadde si storheitstid på 80-talet, skal om fem og ein halv time spele i hallen. Det til tross – eit hundretals menneske har allereie stilt seg i kø i duskregnet.
Tekst: Einar Orten Trovåg
Foto: Stig Kviljo


Nokre av dei står berre i t-skjorta. Sjølv har eg på meg fire lag på overkroppen. Under ei stor vinterjakke, har eg kledd på meg tre Iron Maiden-relaterte plagg. Inst har eg turneskjorta frå i fjor, dekka av turneskjorta frå i år, som igjen ikkje kjem til syne grunna ein gensar med påskrifta ”Iron Maiden – Piece of Mind”.

Men i dag er det nesten utelukkande nye songar som står på programmet. Det er intet mindre enn ei modig oppgåve å luke vekk så mange slagerar til fordel for 70 minutt med nytt materiale. Men likevel – 13 000 nordmenn har billett til konserten.

Kompanjongen min skal skrive eksamensoppgåve om konserten og det som skjer rundt. Klokka 17.30 begynner han å intervjue dei ivrigaste supportarane, medan eg stiller meg opp i køa. Eg møter ein eg har spelt fotball saman med i Bodø. – Er du stor fan? spørr han. – Stor nok, er svaret mitt. Klokka 17.55 kan eg ikkje sjå slutten av køa. Kompanjongen min er ferdig med intervjua sine, men må pent nøye seg med å stille seg opp nesten hundre meter bak meg.

Så dukker to vakter opp. ”Maiden! Maiden! Maiden!” lyd det frå oss ventande, og når snora blir brote av – ja, så spurtar dei som har venta lengst inn til billettkontrollen. Når min tur kjem, går eg over middels fort inn i den svære hallen. Eg går mot salsboda, men for ein fattig student viser det seg at prisane er alt for høge. Eg nøyer meg med eit sveitteband, eit kjøp som skulle vise seg å bli smart.

Trivium er oppvarmarar. Rykta seier at dei er dei nye Metallica. Skal eg spreie rykter, så blir det at dei definitivt ikkje er dei nye Metallica. Makan til bråk har eg ikkje høyrt sidan i fjor, då Mastadon varma opp for Iron Maiden.

Eg bestemmer meg for å stå sånn passeleg langt framme til venstre. Høge folk vil eg helst ha bak meg. Men det viser seg å bli unngåeleg. Å vere 1 meter og 70 centimeter er visst under gjennomsnittet. Eg bind jakka om livet, og tar sveittebanet rundt panna – eg er klar!

Iron Maiden let vente på seg. Def Leppard sin hit ”Animal” og ”You Got Another Thing Comin” med Judas Priest går over høgtalarane både ein og to gongar. Det gir tid til å ta eit overblikk over folkemassen. Fleirtalet av dei frammøtte er ungdom, i all hovudsak gutar, mellom 15 og 20 år. Men det er nok av unntaka. Eg observerer gråhåra menn med bart og ølmage, og damer i 40-årsalderen. Og rett til høgre for meg står ein mann med ein liten unge på skuldrane.

Klokka er nærmare ni når lyset blir slått av. Vi får høyre eit stykke operamusikk, før Bruce Dickinson og co begynner på ”Different World”, opningssongen på ”A Matter of Life and Death”. Deretter går det slag i slag, låt etter låt, akkurat som på nyealbumet. Folk er med. Eg må stå på tåballane for å klare å sjå bandet, men klarer aldri å sjå meir enn ein eller to av dei samtidig likevel.

Frå den sjuande songen, ”The Reincarnation of Benjamin Breeg”, begynner det å ta av. Publikum har bytta ut song på refrenga og vising av rocketeiknet, med hopping og synging av heile songar. Eg begynner å sveitte noko sinnsjukt. Fleire gongar må eg drage sveittebandet ned langs heile andletet for å tørke opp all væska.

Bruce har nyhende å kome med. Iron Maiden kjem tilbake til Noreg sommaren 2008, for å halde ein konsert på ein plass som kan romme alle dei 13000 som er her i dag, pluss dei som kjem til Bergen på torsdag. Vi trur Bruce. I fjor sommar sa han at Maiden ville kome tilbake litt før jul 2006. Og det viste seg jo å stemme bra.

Men no er det dagens konsert som gjeld. Framføringa av nesten ti minutt lange ”The Legacy” avsluttar sekvensen frå A Matter of Life and Death. Vi som har finlest setlistene frå tidlegare konsertar denne turneen, veit at det skal spelast fem klassikarar til slutt.

Og dei begynner med Fear of the Dark. Mange mislikte at den ikkje vart spelt på forrige turne. Men den som ventar på noko godt, ja den ventar ikkje forgjeves. Om det ikkje har tatt heilt av frå før, så går publikum av hengslene no. Vi hoppar, spelar luftgitar, og syng med livet som innsats. Eg hoppar, eg spelar luftgitar, og eg syng med livet som innsats. På neste låt, som rett og slett berre heiter Iron Maiden, begynner eg å bli alvorleg sliten. Eg må ta meg pauser frå hoppinga, luftgitarspelinga, og synginga. At dette er god trening, er det ingen som skal tvile på.

Dei gamle songane får også liv i den eldre garde. Faren som står like ved meg, syng så månen held på å dette av han. Den stakkars sonen hans ser forundra på han. Så dukkar ein gedigen tanks opp på scena. Det manglar ikkje på scenshow her i garden. På den nest siste songen, The Evil That Men Do, dukkar maskoten Eddie opp på scena. Jubelen går gjennom taket, og sikkert langt inn i sentrum av Oslo By.

Meisterverket Hallowed Be Thy Name avsluttar det heile. Det er ekstremt tøft, men alltid vemodig. Etter songen takkar bandet for seg, og kastar trommestikker og plekter utover salen. Ein ung lyslugg er tydeleg fortvila, og bryt ut: - I 2003 va d i som fækk trommestikka.

Ei samla tropp på 13 000 går mot t-bana. Eg skriv ei melding til pappa: ”Konserten får garantert terningkast 6 i VG og Dagbladet i morgon”. Eg er sliten, og takkar ikkje nei når roadiane deler ut gratis cola i store mengder.

Våt av sveitte, regn og glede går eg til køys. Eg veit at det har vore ein historisk kveld. Ut på nyåret vil 130 000 påstå at dei var i Vallhall 21. november 2006.


Faktaboks:

Iron Maiden vart starta opp i Aust-London i 1975. Steve Harris var og er pådrivar og hovudsongskrivar.* Har gitt ut følgande album: Iron Maiden (1980), Killers (1981), The Number of The Beast (1982), Piece of Mind (1983), Powerslave (1984), Live After Death (1985), Somehere In Time (1986), Seventh Son of a Seventh Son (1988), No Praying for the Dying (1990), Fear of the Dark (1992), A Real Live One (1993), A Real Dead One (1993), Live at Donigton (1994), The X-Factor (1995), Virtual XI (1998), Brave New World (2000), Rock In Rio (2002), Dance of Death (2003), Death on the Road (2005), A Matter of Life and Death (2006)
Besetning anno 2006: Bruce Dickinson (vokal), Dave Murray (gitar), Adrian Smith (gitar), Janick Gers (gitar), Steve Harris (bass), Nicko McBrain (trommer).
Iron Maiden har solgt nærmare 70 millionar skiver.
Konserten i Vallhall tysdag fekk terningkast 6 i VG, og 5 i Dagbladet.

1 comment:

Qvilio said...

Trivium-konserten der var ikke verdens beste, men jeg synes de er ganske gode. Spesielt Ascendancy-plata er veldig bra. Men de er umodne. De spiller bra, men tekstene deres er tidvis helt på trynet emo-opplegg og på den siste plata går de for hardt inn for å låte som idolene sine. Jeg liker Mastodon også forøvrig. Men når det er sagt, så synes jeg ikke noen av dem passer som oppvarming for Iron Maiden.