Tuesday, April 24, 2007

The Dio Years-sending

2. april kom Black Sabbath-albumet The Dio Years på marknaden i Noreg, og derfor blir sendinga i dag eine og åleine ei reklame for den plata.

Wednesday, April 18, 2007

80-talet/Fint ver/sommar/sirkus

Tidenes dårligaste NP-sendinga skal visst nok leggast ut i dag. Temaet er veldig haltande. Den raude tråden er typisk 80-talssongar, men vi prøvde også å kombinere det med fine veret som var i Bodø då vi spelte inn sendinga. Det begynner vel å bli tre veker sidan no (sjølv om det for så vidt er sol no også). Det heile toppa seg forresten då følgande setning kom ut av kjeften på programleiaren: Sirkus kan vi kople opp mot sommar, eller haust, eller vår.
Den vart slegt ut i høve Animal av Def Leppard.
Det andre vi spelte var:
Cum On Feel The Noize med Quiet Riot
Summer of 69 med Bryan Adams
The Final Countdown med Europe
Without Love med Bon Jovi
Jump med Van Halen

Utover våren vil Stig vere med som medprogramleiar i studio. Vi skal heilt sikkert spele inn Black Sabbath med Dio og Led Zeppelin-sendingar relativt fort.

Thursday, March 29, 2007

Ny songrekord

Under sendinga i går spelte vi heile åtte songar:

Seven Seas
Tor With The Hammer
10 000 (lovers)
My Religion
What A Wonderul World
Ready To Leave
Me And I
Last Summer Evil

Alle av TNT. Sjølvsagt.

Monday, March 26, 2007

TNT - It`s Dynamite

Det vart ikkje TNT-konsert på meg, men Stig var til stades. Det skal vi bruke for alt det er verdt når vi skal ha TNT-spesial på onsdag. Så stikk innom www.ventusmedia.no klokka 20.00 onsdag, eller seinare, og få balsam direkte i øyrene!

Tuesday, March 20, 2007

10 000 lovers - for 700 kroner

Laurdag spelar Noreg sitt kanskje mest kjende hardrockband, TNT, på/i Nesna.

Nesna er ein plass sånn ca. ein time med buss frå Mo. Når det gjeld Mo, så er det tre timar (?) med tog frå Bodø.

Overnatting er intet problem. Tog er intet problem. Pengar er intet problem (har rekna ut at det kan kosta 700 kroner dersom eg kan kome inn som media). Buss til Nesna er intet problem. Men så var det buss tilbake frå Nesna...

Nokon Stig snakka med hadde visst anbefalt å haike. Men er det trygt å satse på å haike på eit område av landet ein kjenner minimalt?

Kanskje. Eg har i alle fall veldig lyst på konserten. TNT har gått sine runder på cd-spelarane mine dei siste åra. No er originalvokalist Tony Harnell, han med hundefløyterøysta, vekke. Men dei skal visst vere absolutt oppegåande enno. Og det er jo Ronnie Le Tekro som er attraksjonen. Det er faktisk opp til fleire japanarar som har gått pilgrimsferd til huset til Le Tekro på Toten.

10 000 Lovers, Seven Seas, Reday To Leave, Far As The Eye Can See, All The Way To The Sun, Tor With The Hammer og så vidare. Here I Come! (Forhåpentlegvis)

PS. My Religion er ein undervurdert CD!

Wednesday, March 14, 2007

Whitensnake - LIVE In The Shadow Of The Blues

dukka opp i postkassa i dag. Eit dobbeltalbum frå hardrocken sitt mest bluesy band. 20 songar spelt inn live, samt fire heilt nye songar spelt inn i studio er inkludert.

Av dei 20 livesongane er to instrumentalar, Blues For Mylene 06 og Snake Dance 06. Resten er i det store og det heile bandet sine mest sagnomsuste låtar. Det er meget tøft at gode gamle Aint No Love In The Heart Of The City, Take Me With You og Walking In The Shadow Of The Blues er med.

Ein skal vere forsiktig med å påstå kva som er plata sitt høgdepunkt når ein berre har høyrt gjennom stoffet ein gong, men Burn/Stormbringer, ein medley av dei to klassiske Deep Purple-låtane, er rein verdsklasse. Spesilet Burn-delen gir ein frysningar på ryggen, og overgangen over til Stormbringer er meir enn godkjent.

Elles så er dei her alle saman. Love Aint No Stranger, Crying In The Rain, Here I Go Again, Is This Love, Still Of The Night og Fool For Your Loving.

Coverdale og co er kanskje det av banda frå 80-talet (saman med Iron Maiden) som held seg best. Og med tanke på at det i år er 34 år sidan David Coverdale var vokalist på Burn, så er ikkje det anna å seie enn at LIVE In The Shadow Of The Blues er magi.

Kva så med dei fire nye songane? Jo. Det er ikkje 1987, men det er faktisk ikkje milevis frå heller. If You Want Me er ein song vi ikkje akkurat får kvar dag i 2007. Meir polert enn Whitensnake på det glade 80-talet, men absolutt ikkje så langt frå til dømes lydbiletet på Slip Of The Tongue. Ballada All I Want Is You er ikkje Is This Love, men er fengande til tusen, og kan bli ein hit på konsertane framover. Dog og Ready To Rock er kanskje ikkje låtane som skill seg ut i mengda, men kanskje meiner eg noko heilt anna når eg har fått høyrt dei litt fleire gongar.

Eg må også nemne at gitarist Aldrich ikkje er Steve Vai eller John Sykes, men på denne plata funkar han fjell. Han klarer til og med å gi fleire av dei gamle låtane nye dimensjonar.

Har du høyrt alt av Whitesnake 1000 gongar, er LIVE In The Shadow Of The Blues ikkje ei unødvendig samling å ha. Kjenner du ikkje så godt til Whitesnake, MÅ du kjøpe dette dobbeltalbumet.

Tuesday, March 13, 2007

Listefeber

Her er 15 songar som kan varme i Bodø-slapset:

1. Whitesnake - Love Aint No Stranger
2. Whitesnake - Fool For Your Loving
3. De Lillos - Hjernen Er Alene
4. Black Sabbath - Never Say Die
5. Black Sabbath - Children Of The Grave
6. AC/DC - For Those About To Rock (We Salute You)
7. Deep Purple - Anya
8. My Chemical Romance - Dead!
9. Led Zeppelin - Black Dog
10. Van Halen - Ice Cream Man
11. Guns N Roses - Patience
12. TNT - Seven Seas
13. TNT - Ready To Leave
14. TNT - Far As The Eye Can See
15. TNT - My Religion

Det er på snakk å ta tog/buss til Nesna for å sjå TNT neste helg. Det kan bli tøft!!!

Som nemnt forrige sending blir det ikkje Noise Pollution denne onsdagen eller neste. Det har med UKA å gjere, og at vi kjem veldig sterkt tilbake seinare!!!

Rock The Night!

Friday, March 9, 2007

Noise Pollution presenterer to klassikarar: Van Halen - Van Halen og Van Halen - 1984







Van Halen er ikkje tungt. Det er ikkje avansert. Det er enkelt. Det er kort. Det er kunst.

I alle fall dersom vi snakkar om perioda med David Lee Roth som vokalist, altså fram til 1985. Eg skreiv at Van Halen ikkje er avansert. Det stemmer. Men gitarspelet til Eddie er ikkje akkurat for nybegynnarar.

Van Halen har gitt ut seks plater med Lee Roth: Van Halen, Van Halen 2, Women And Children First, Fair Warning, Diver Down og 1984. Det blir vanskeleg å rangere desse.

Fair Warning (1981) er den mest undervurderte. Den er tyngre og dystrare enn dei andre, men byr på minst like gode riff og fantastiske songar som dei andre albuma. Karakter: 5+

Diver Down (1982) byr på like mykje covermateriale som eigenprodusert stoff. Versjonen av Pretty Woman er kanon, og det at fader Jan Van Halen er med på fløyte trekk opp. Men dette er heilt klart den svakaste plata med Lee Roth. Karakter: 3/4

Women And Children First (1980) er ei artig plate. Could This Be Magic er min personlege favoritt på albumet. Karakter: 5

Van Halen 2 (1979) er på ingen måte like bra som debutalbumet, men det du finn her held i massevis. Karakter: 5

Då står vi att med to plater som fortener terningkast 6:

Debutalbumet Van Halen (1978) er noko av det beste vi har høyrt frå eit debuterande hardrockband nokon gong. Fem klassiske låtar er inkludert: Gitarsnutten Eruption er rein verdsklassespeling frå ein av tidenes absolutt beste gitaristar. Aint Talkin Bout Love er inne på mi topp 10-liste over alle låtar uansett sjanger. Opningssporet Runnin With The Devil er toneangivande. Coverlåten You Really Got Me gløymer ingen, og Jamies Cryin er herleg seig og frekk.

Dei andre låtane er heller ikkje annanhands. On Fire, Feel Your Love Tonight, Atomic Punk, Little Dreamer, Ice Cream Man, og Im The One har alle gjort at Van Halen sitt opningsalbum er ei av dei platene eg har høyrt mest på gjennom mine snart 20 år.

Men det er mogeleg at 1984, gitt ut nyttårsaftan 1983, er vel så bra. Jump har alle høyrt, og treng ingen nærmare presentasjon. Det same gjeld kanskje Panama, som etter mi meining er nesten like kul. Hot For Teatcher har også gått sine runder på MTV og VH1. Men 1984 har også meir å by på.

Ill Wait er ikkje spesielt typisk Van Halen. Den er omtrent som ei ballade å rekne, og minner mest om Fair Warning, og det funkar som eit støtt fjell. Top Jimmy (som representere skiva då vi kåra dei 13 beste hardrockplatene gjennom tidene før jol) er ei morosam sak og House Of Pain gjer seg heller ikkje vekk.

Kvifor måtte du forlate Van Halen så tidleg, David????

Han er tilbake no, blir det sagt, minst 20 år for seint.

Wednesday, March 7, 2007

Hugs Black Sabbath-sendinga i kveld klokka 20.00

Vi skal kåre dei seks beste platene med Ozzy, og presentere dei i stigande rekkefølge. Du får høyre ein song frå kvar av dei seks platene. Vi byr på klassikarar, og mindre sagnomsuste spor. Noise Pollution sin Ozzy- og Sabbath-spesialist Stig Kviljo blir med som gjest per telefon. Enjoy!

Saturday, March 3, 2007

Eit kraftig undervurdert album: Deep Purple - The Battle Rages On..


Det første originale hardrockealbumet eg kjøpte for eigne pengar var Deep Purple-albumet The Battle Rages On..., som kom i 1993.
Sjølv om det kanskje er eit spesielt album for akkurat meg, vil eg hevde at det er eit kanonalbum, som ikkje har fått det stempelet det fortener i rockehistoria.

Det var Joe Lynn Turner som var vokalist på Slaves & Masters frå 1990. Men for andre gong kom Ian Gillan tilbake til bandet, og det var klart for Deep Purple MK 2c. Det betyr at det var den mest klassiske av dei klassiske besetningane til Purple; Blackmore, Gillan, Lord, Paice og Glover, som spelte inn TBRO...

Dessverre var forholdet mellom Blackmore og Gillan så dårleg at Blackmore fann det for godt å forlate bandet like etter at TBRO... vart spelt inn. Joe Satriani kom inn for å spele på turneen, men mangelen av Blackmore kan vere grunnen til at TBRO... ikkje har fått det ryktet det fortener.

Tittelkuttet opnar albumet, og er hardt, rått og tøft. Vi er i gong! Lick It Up er meir rølpete, men funkar fjell. Tredje spor ut er albumet sitt beste, noko av det beste Purple har gjort nokon gong, og noko av det definitivt beste som har blitt gjort på 90-talet: Anya. Gitarintroen bør gi sjølv technofrelste frysningar.

Så følger den heilt greie Talk About Love, før Time To Kill renn ut av anlegget. For fem år sidan hadde eg sagt at Time To Kill er plata sitt beste spor, men i dag modererer eg meg litt: Songen er kul, faktisk litt poppa i refrenget, og funkar fint.

Ramshackle Man er heller ikkje så verst. A Twist In The Tale er typisk for albumet. Nasty Piece Of Work er bra. Spor nummer ni, Solitaire, er høgdepunktet på siste halvdel av albumet. Eg kunne noko av songen på gitar før, meiner eg å hugse. Ein meget tøff song. One Man`s Meet avsluttar ei plate som eg veit å spele av no og då, og som burde overraske mange hard-og heavyrockfrelste som ikkje har høyrt den.

Friday, March 2, 2007

Coming up next: Black Sabbath, the Ozzy years


Neste sending skal vi gjere ein vri. Vi skal presentere eit band ved å kåre dei fem beste studioplatene deira, i stigande rekkefølge. Bandet er Black Sabbath, og vi begrensar oss til perioda fram til 1978, altså den med Ozzy Osbourne. Det vil seie at dei aktuelle platene er Black Sabbath, Paranoid, Master Of Reality, Volume 4, Sabbath Bloody Sabbath, Sabotage, Technical Ectasy og Never Say Die. Stig Kviljo skal vere med per telefon for å guide oss gjennom det ypperste av Sabbath-katalogen med Ozzy.

Kva er dei beste Sabbath-albuma med Ozzy? Set opp ditt forslag som kommentar her. Den første som gjer det får ein signert Sabbath-brenne-cd av meg. Og det er faktisk eg som signerer den. Og Stig tel ikkje tel ikkje i denne konkurransen, så då spørs det kor stor responsen blir.

Lykke til og rock on!

(Biletet er henta frå Never Say Die-turneen)

Wednesday, February 28, 2007

The Devil Cried


Black Sabbath (med Live Evil-besetninga) har gitt ut ein ny låt, i det høvet at dei har spelt inn tre nye songar på eit "Sabbath med Dio"-samlealbum med Dio i slutten av april.

http://www.black-sabbath.com/news/2007/02/listen_to_the_devil_cried_legally.html

Eg har førebels gitt den terningkast 4, men det kan godt hende at den veks i mine øyrer etter kvart.
------------------------------------------------------------------

I dag er det også klart for Whitesnake spesial på Noise Pollution.

Låtlista blir:

Burn (Deep Purple)
Walking In The Shadow Of The Blues
Crying In The Rain
(S&S-versjonen)
Love Aint No stranger
Here I Go Again
(tatt frå Absolute Rock (2002). Etterforskninga mi har så langt koem fram til at dette er ein versjon som vart spelt inn i høve til eit best of-album med Whitesnake i 1994)
Fool For Your Loving (Slif Of The Tongue-versjonen)

Monday, February 26, 2007

Ein tur i skuggen av bluesen: Whitesnake up next



Neste sending skal ta for seg eit av dei store banda i 2006 - Whitesnake. Dei gav ikkje ein gong ut nytt studioalbum i fjor, men 20 år etter at dei var på toppen av karriera si har David Coverdale (biletet) og co fått ein ny giv: Nye konsertar, nye medlemmar, ein musikk-DVD som mange meiner er den beste i sin sjanger, og i november gav dei ut eit livelabum med eit par nye songar.

Whitesnake er så mykje meir enn Here I Go Again og Is This Love. For all del: Whitesnake beherskar poweballadene betre enn dei fleste, men dei var først og fremst eit blueshardrockband, som mellom anna stod bak Fool For Your Loving og Still Of The Night.

Historikken til Whitesnake er ikkje så godt dokumentert på nettet. Men ved å samle opp ymse info frå ulike platecover og nettstader, har Noise Polltion begynt å få puslespelbitane på plass.

Klokka 20.00 onsdag begynner vi med røtene til Whitensnake - då David Coverdale, Jon Lord og Ian Paice var tre av fem medlemmar i Deep Purple. Og så held vi det gåande til du rett og slett ikkje kan unngå å kjøpe plater eller laste ned musikk av den kvite slangen.

Friday, February 23, 2007

Kva skal vi ha om neste gong?

Tja. Klarer ikkje heilt å bestemme meg.

Vi har hatt:

1. Iron Maiden
2. Metallica sine tre første album
3. Def Leppard
4. Van Halen
5. Tidenes hardrockplater
6. AC/DC under Bon Scott
7. Aerosmith
8. Ozzy Osbourne
9. RIFF
10. Guns N Roses

Eg vurderer Whitesnake, Deep Purple, Sabbath, Zeppelin, DumDum Boys, Punksjangeren, 90-talet, AC/DC under Brian Johnson og KISS som aktuelle kandidatar til å vere tema på sending nummer 11.

Forslag?

Thursday, February 22, 2007

Den ultimate Metallica-konserten


er at dei spelar 94% av alt materialet dei har laga. Men her serverer vi den ultimate og realistiske setlista. Det er ingen hemmeligheit at eg likar dei fem første albuma best. Stoff frå dei vil prege lista. I tillegg krydrar vi med eit par coverlåtar. Eg set opp 17 songar. Metallica sine songar er relativt lange, men dei er av dei banda som ofte plar spele lange konsertar.

1. Blackened
2. Enter Sandman
3. Fight Fire With Fire
(Eg slår på stortromma, og vil ha tre opningssongar. Enter Sandman er jo obligatorisk, men eg kunne faktisk heller tenkt meg Blackened aller først. Fight Fire With Fire kunne eg meir enn gjerne tenkt meg å ha med, og då også helst tidleg i konserten.)
4. Creeping Death (Obligatorisk song! Metallica på sitt aller beste! Må også kome tidleg)
5. Welcome Home (Sanatarium) (Ein av mine ypperste Metallica-favorittar)
6. Nothing Else Matters (Ein elsk/hat-song for min del. Ei kjempemessig ballade, men songen har dessverre blitt ein klisje. Må likevel vere med her)
7. Hit The Lights (Kill Em All er underrepresentert her. Kunne valt the Four Horsemen, men eg tar denne)
8. Orion (Ein skikkeleg outsider. Dette er ein åtte minutt lang instrumental frå Master of Puppets. Rein verdsklasse, spør du meg)
9. Whereever I May Roam (Eg har droppa The Unforgiven og Sad But True frå Black Album. Kvifor? Denne er kanksje ikkje like kjend, men er betre)
10. Fade To Black (Frysningar!)
11. For Whom The Bell Tolls (Min Metallica-favoritt)
12. Battery
13. Master Of Puppets
(Før pausa vil eg ha obligatorisk snacks frå MOP)

Ekstranummer:

14. Seek And Destroy (Med Newsted ute skal Hetfield synge denne. Eg vil ikkje ha ein 23 minutts versjon. Berre gode gamle SAD!)
15. Whiskey In The Jar (Dei lærde stridast om kva versjon av denne songen som er best: Thin Lizzy sin, eller Metallica? Vanskeleg spørsmål. Men eg vil i alle fall ha Metallica til å spele den.)
16. One
17. Stone Cold Crazy (Eg vurderte One til slutt. Men det blir kanskje enda tøffare med One nest sist, og så Queen-coveren til slutt. På San Diego-konserten (1992) avsluttar dei med Stone Cold Crrrrazy, og det funkar fjell!)

Dette var vanskeleg! Mange hjartebarn som datt i grava her, som Hero of The Day, King Nothing, The Unforgiven, Sad But True, Harvester Of Sorrow, ...and Justice For All, og mykje frå dei tre første albuma, samt coverlåtar.

Wednesday, February 21, 2007

Guns N Roses-sendinga ligg ute

Enjoy it!

Vi serverer fire store songar, historikk, og Henrik Bolstad Banne er med som special guest per telefon.

Speleliste:

Sweet Child O Mine
Patience
You Could Be Mine
November Rain

Metallica til Noreg! Og kanskje Van Halen?

Metallica skal spele på alle Hovin Hovin 10. juli. Underteikna har meget lyst på konserten, men den kan faktisk bli hard kamp om billettane til konserten, og det heile må vurderast opp mot ein heller slett økonomi. Etter kvart vil "den ultimate Metallica-konserten si setliste bli lagt ut her.

Det har også dukka opp rykter om at Van Halen skal til Bergen. Og det med Davis Lee Roth som vokalist og Wolfagang Van Halen (Eddie sin son) som bassist!

Tuesday, February 20, 2007

Dagens klassikar: Led Zeppelin 2



Eg veit ikkje nøyaktig når vi skal ta for oss Led Zeppelin på Noise Pollution, og kor vidt vi deler bandet sin katalog opp i to perioder. Men diskusjonen får vi ta ein gong. I dag skal vi berre anbefale ei av platene til bandet.




Led Zeppelin planta seg sjølv på musikkartet med sitt debutalbum. Led Zeppelin (1) var rå, seig, hard, mjuk, overraskande og fengande. Ein kan seie mykje om alle skivene til Zeppelin - men heile katalogen deira (ikkje i like stor grad Presence og In Through The Out Door) er prega av variasjon.

Led Zeppelin 2 var intet unntak, og følgte i fotspora til debuten. Men 2-aren var betre teknisk utført, hadde betre låtar og har i likheit med Led Zeppelin 3, Led Zeppelin 4 (eller Four Symbols) og Physical Grafitti status som gigantar i rockehistoria - eller musikkhistorikken generelt sett, for så vidt.

Det heile blir sparka i gong med Whole Lotta Love. Riffet er legendarisk, og songen har eit driv som du ikkje finn mange andre stader. Whole Lotta Love er nok den beste prestasjonen til Zeppelin på deira tre første album, og truleg den låten som Zeppelin framførte flest gongar i si karriere.

(Eg kom forresten over noko kult ein gong. Eg såg ein halvhjarta Def Leppard-konsert frå 1993 på DVD, og midt inne i "Rocket" spelte dei Whole Lotta Love)

What Is And What Should Never Be er lågmælt, men avløyser opningssporet perfekt. Så følger The Lemon Song, som visst nok skal vere stjelt frå eit anna band. The Lemon Song er plata sitt lengste spor, men det blir aldri keisamt. Eit knalltøft riff held det heile gåande.

Thank You er lågmælt, men passar fortreffelig inn i selskapet, og gjer seg godt etter den meir heavy The Lemon Song. Thank You er nesten som ei ballade å rekne, og blir drive fram av godt orgelspel, god vokal og akustisk gitarspel av Page.

"Pagey" slår til med nok eit fortreffelig riff på Heartbreaker. Legg også merke til John Paul Jones sitt basspel. Heartbreaker er kanskje albumet sin nest beste låt etter Whole Lotta Love.

Den sjette songen ut er Living Loving Maid (She`s Just A Woman). Den kan vi vel kalle ei fengande sak. For endte og heller ikkje siste gong på plata blir songen drive av eit herleg og hardt riff. Ramble On begynner roleg, men tar av på refrenget. Den akusiske gitaren er nok ein gong i fokus, og vokalen til Plant skal ingen klage på.

Plant får ikkje vere med på Moby Dick. Det er ein instrumental. Mange kaller det ein trommesolo, men både bassen og gitaren er i også med - det første minuttet og heilt på slutten

Bring It On Home dreig det heile heim. Den minner meg veldig om debutalbumet. Bluesinspirasjonen er meget tydeleg - spesiet i startpartiet. Bring It On er ei fengande sak, og er ei verdig avslutning på ei historisk plate.

Ni klassikarar av ni mogelege. Ingen skal rokke ved statusen til Led Zeppelin 2. Dette er kanskje den første hardrockklassikaren nokon gong. Heller ikkje den siste, men 38 år etter har vi enno ikkje gløymt Zeppelin sitt andrefødte.

Sunday, February 18, 2007

Guns N Fuckin Roses


Medan vi ventar, og kanksje gruar oss litt til at Guns N Roses skal kome med ny plate, skal vi i Noise Pollution ta for oss den positive perioden til bandet på onsdag. Vi har fått ein relativt stor fan av GNR til å stille opp som gjest per telefon, og skal som vanleg oppsumere det aktuelle bandet si historie på så kort tid at vi også rekk å spele mykje musikk av dei.


For at du skal vere så førebudd som mogeleg til onsdag, tar vi her for oss bandet sin diskografi:


Appetite For Destruction (1987)


Guns N Roses traff blink på første forsøk - til og med heilt på midten av blinken. Eit av tidens aller aller beste album nokon gong. Det går ikkje an å argumentere mot det - anten du skulle vere gospelfrelst eller ha mest sansen for death eller black metal. På det mest perfekte vis blir vi ønska velkomne med Welcome To The Jungle. Deretter kjem klassikarane som perler på ei snor. Ikkje ein dårleg song - ikkje eit dårleg sekund! Til og med Anything Goes funkar fjell! Men dei aller aller beste songane heiter Sweet Child O Mine og Paradise City. Og kva med Rocket Queen, Mr. Brownstone og Night Rain? Eg bøyer meg i støvet!


GNR Lies (1989)


Ei rar blanding. Fire songar frå EP-en Live Like A Suicide (1986) blir følgt av fire nye akustiske spor. Dei gamle songane er rølpete. Ein av dei er Mama Kin, opprinneleg ein Aerosmith-låt. Kanskje ikkje så rart. Det er vel ikkje noko band som har inspirert GNR så mykje som Steven Tyler og co. Move To The City må også trekkast fram. Den har blitt spelt på mang ein konsert. Kva med dei fire siste spora? Patience er ein udødeleg klassikar. Youre Crazy, som var med på AFD, får ein ny form. One In A Million har blitt kritisert grunna Axl sin homohets, og Used To Love Her ein kort og humoristisk song.


Use Your Illusion 1 (1991)


Dette albumet vart klokka inn på 76 minutt og fire sekund, og er full av høgdepunkt - og nokre spor som ikkje når heilt opp. Den ni minutt lange ballada November Rain er udødeleg. Det same gjeld ein annan roleg song; Dont Cry. Dust N Bones er bra, og GNR sin versjon av Live And Let Die er betre enn Paul McCartney sin. Det er mykje anna snacks på albumet også, men "resten" er ikkje av AFD-kvalitet. Garden Of Eden forstår eg ikkje heilt poenget med. Mange av dei andre songane er over middels gode bluesinspirerte spor.


Use Your Illusion 2 (1991)


Hakket betre enn 1. Civil War startar festen. 14 Years og Yestedays følger opp, og versjonen av Dylan-klassikaren Knockin On Heavens Door er kanonfeit! Lenger ute i leksa finn vi Pretty Tied Up og songen som kanskje er Use Your Illusion-albuma sin beste: You Could Be Mine. Kvifor ein versjon av Dont Cry med anna tekst er inkluderet vitast ikkje. Og My World er totalt meiningslaus. Men UYI2 får ein sterk sterk femmar, mot UYI1 sin sterke femmar.


The Spaghetti Incident? (1993)


Eit album beståande av andre band og artistar sine punklåtar. Det fungerer på ingen måte optimalt. Har du høyrt Since I Dont Have You? Den stikk seg fram, men hadde nok aldri blitt vurdert til å ta med på UYI-platene. TSI? er ikkje eit svakt album. Men dette er milevis frå AFD, og for den del UYI.


Live Era (1987-1993) (1999)


Dette dobbeltalbumet MÅ du ha! Musikkhistorie kallar vi slikt. Pensum er eit anna omgrep som passar. GNR er ikkje på topp på alle låtane, og vi får ingen verdig versjon av Sweet Child O Mine, men totalt sett er Live Era ei gullgruve. Vi saknar kanskje Live And Let Die og Civil War, men versjonane av til dømes Rocket Queen og Used To Love Her hevar seg i forhold til det som vart gjort i studio.

Friday, February 16, 2007

Noise Pollution vurderer plater: Black Sabbath - Born Again


Saman med AC/DC og Deep Purple var Black Sabbath av dei første skikkelege banda eg begynte å høyre på - i 2000 og 2001.

Spesielt hørte eg mykje på Deep Purple den første tida, og då først og fremst musikk dei spelte inn med Ian Gillan bak mikrofonen.

Black Sabbath var eit stort band på 70-talet, i første rekke til og med 1975, då Sabotage kom ut. Mot slutten av tiåret gjekk det litt meir i nedoverbakke. Men så kom Ronny James Dio inn i biletet, og var vokalist på Heaven And Hell (1980) og The Mob Rules (1981) - to geniale meisterverk! Men Dio var ikkje samd med Iommi og Geezer om korleis liveplata Live Evil (1982) skulle mixast. Rykta seier at alle ville at sitt instrument skulle kome tydeligare til i lydbiletet enn dei andre sine, og at det ofte skjedde "lumsk" aktivitet i studio når den andre parten ikkje var til stades. Det heile enda med at Dio måtte gå. Ny vokalist vart Ian Gillan.


Det samarbeidet vart det ei plate av, nemleg Born Again (1983).

Kunne det fungere? Eg rulla plata på cd-spelaren i går for å gjere opp mi meining (nok ein gong).

Born Again har tendensane. Plata sitt lengste track, Zero The Hero, er tøft. Trashed og Stonehenge har tendensane.

Men det er ikkje til å kome vekk frå: Dette er Deep Sabbath - eller Black Purple om du vil. Ein skal ikkje klage på Gillan sin vokal, og heller ikkje på Iommi sitt gitararbeid eller Geezer sitt basspel. Men det fungerer ikkje optimalt! Sabbath var ei "satt" greie. Det var også konseptet i Purple med Gillan som den skrikande vokalisten.


Kanskje meiner eg dette fordi eg var ein stor Deep Purple-fan i 2001 og 2002, og sidan hadde og enno er inne i ei periode med mykje Sabbath på øyrene.

Kanskje vil ein "nøytral", ein som aldri har høyrt Sabbath eller Purple, meine at Born Again er ei kul plate.

For meg blir det med forsøket. Born Again er ikkje ei dårleg plate. Det var eit godt forsøk, og ei godt gjennomført plate. Men det er noko som ikkje kling heilt 100% når eg høyrer på den...

Allmusic om Born Again: http://www.allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg&sql=10:3qktk65x9krd
(Plata er ikkje så dårleg som dei vil ha det til)

Thursday, February 15, 2007

Noise Pollution anbefaler plater: Ozzy Osbourne - No More Tears


Ozzy Osbourne har tre studioalbum som skill seg ut ekstra positivt: Blizzard Of Ozz, Diary Of A Madman og No More Tears.


No More Tears kom ut i 1991, og var (førebels) det siste Ozzman spelte inn under påverknad av stoff og alkohol. Plata var Zakk Wylde si andre, og han begynner for alvor å finne forma. Zakk har nok aldri vore betre enn på No More Tears - spør du meg. Lemmy er co-songwriter på fire spor, mellom anna Mama Im Coming Home. Glimrande!


Mr. Tinkertrain opnar showet. Songen handlar om pedofili, og er ein glimrande start. I utgangspunktet likar eg korte opningsspor, men ein seier ikkje nei takk til Mr. Tinkertrain.
Terningkast: 5

I Dont Want To Change The World har fått x antal prisar for sitt bodskap. Songen er med på å sette standarden for resten av plata, og er ein klassikar den dag i dag. Eg reknar med at Ozzy kjem til å ha denne på setlista i sommar.
Terningkast: 5

Lemmy viser sin genilaitet som songskrivar på Mama Im Coming Home. Den er brillefint oppbygd, og inkluderer eit meget godt gitararbeid av Zakky. Rett og slett ein udødeleg klassikar.

Terningkast: 6

Medan "Mama" er ein relativt roleg song, er Desire av den heller tyngre sorten. Men den er absolutt ikkje tung å svelge. Refrenget er fengande som berre juling. Desire har terningkast 6-potensiale, men eg meiner at den manglar det lisje lisje ekstra.
Terningkast: 5

Albumet sin lengste song er tittelsporet, som blir klokka inn på godt over sju minutt. No More Tears var faktisk den siste songen som vart klar for albumet. Den handlar om ein seriemordar, og tar oss med på mange forskjellige og overraskande parti. Låta er seig som ein gammal Sabbath-klassikar!
Terningkast: 6

Etter seige No More Tears følgte ein langt lettare song: SIN. Den har eit fengande refreng, og er det nærmaste denne plata kjem Steal Away (The Night) frå Blizzard Of Ozz.
Terningkast: 5

Hellraiser er hakket tyngre igjen, men ikkje så voldsom som kanskje tittelen gir bod om. Lemmy er co-songwriter, og det funkar meget bra.
Terningkast: 5

På plata sitt åttande spor får vi høyre ein rimande Ozzy. Time After Time har ein tekst med meining, og er som Mama Im Coming Home ein relativt roleg song.
Terningkast: 5

Zombie Stomp og AVH er ikkje dei mest interessante kutta, men er absolutt gode rockarar. Zakky gjer fine forarbeid på begge spora, og sjølv om desse to songane ikkje har blitt spelt på konsertane, sit dei støe som fjell på denne skiva.

Terningkast: 5 (på begge)

Og når det heile skal avsluttast, så kunne det vel knapt blitt gjort på eit betre viss enn kva Ozzy og co gjer på Road To Nowhere. Songen kunne heldt det gåande i fleire timar - og eg hadde ikkje klaga.
Terningkast: 6

Totalinntrykk: Kor mange betre album enn dette vart gitt ut på 90-talet?

Noise Pollution anbefaler plater: Iron Maiden - A Matter Of Life And Death (Det eg skreiv om plata tolv dagar etter at eg høyrte den for første gong)

Ein dag i september skreiv eg dette i min vanlege blogg. Tenkte at det passar inn i dette konsepten. Men eg ser no at eg har skifta meining på ein del punkt. Different World er IKKJE plata sitt svakaste spor, og det er ikkje sikkert at Seventh Son er betre enn A Matter Of Life And Death.



Dommen er klar.

No er det tolv dagar sidan Iron Maiden sitt nyaste album, "A Matter of Life and Death" ankom cd-spelaren min. Eg har høyrt gjennom det 72 minutt lange albumet i tider og utider, og no føler eg at det er på tide å offentlegjere dommen.

Det er heilt tydeleg at Maiden har fornya seg dei siste åra. Ein skulle faktisk ikkje tru at det er det same bandet som for godt over 20 år sidan herja musikkverda med "Run to the Hills", "The Trooper", "Prowler" og "Wratchild", som no har gitt ut det lange og episke "A Matter of Life and Death". På dette albumet tar Maiden med seg det beste og minst typiske Iron Maiden frå "Dance of Death". Vi kan også finne referansar frå "Seventh Son of a Seventh Son" og faktisk også litt frå "The X-Factor", som vart spelt inn i 1995 med Blaze Bayley bak mikrofonen.

Med andre ord. Hatar du "Dance of Death", og mislikar du sterkt "Seventh Son of a Seventh Son", så er ikkje det så sannsynleg at du finn så mykje glede i Maiden sin siste sprell. Men eg trur ikkje det er så mange av dykk. Når både VG og Dagbladet sine anmeldarar gir albumet terningkast 6, så må det vere eit kvart på ferde. Og det er det.

Det heile blir sparka i gong med "Different World", det einaste sporet på albumet som blir klokka inn på under fem minutt. Songen minner om "Wildest Dreams", som opna "Dance of Death". I motsetnad til dei andre spora på albumet er dette den einaste songen som ikkje er episk og fortryllande. For "Different World" er faktisk albumet sitt svakaste spor, sjølv om det er ei verdig nok opning på festen.

For så tar det av. På rekke og rad kjem den eine krigshymna etter den andre. Skjønt, alle songane handlar ikkje om "krig og slikt", men det er det som er hovudinntrykket ein sit att med. "These Colours Don't Run", "Brighter than a Thousand Suns", "Out of the Shadows" og ikkje minst singelen "The Reincarnation of Benjamin Breeg". Alle er meisterverk.

Men den verkeleg store bomba er "For the Greater Good of God". "Please tell me now what life is Please tell me now what love is Well tell me no what war is Again tell me what life is" Dette er første gong i mitt 19 år lange liv at eg synest at ein song på ni og eit halvt minutt er for kort. Når "The Legacy" avsluttar festen med nokre akustiske gitarakkordar, så er det berre å bøye seg i støvet.Kan eit band som hadde si storheitstid på 80-talet laga noko sånt i 2006?

Svaret er eit rungande ja. Iron Maiden har laga sitt beste album sidan "Seventh Son of a Seventh Son" kom ut i 1988. Harris, Dickisnon, McBrain, Smith, Gers og Murray. Alle er på topp.

Spesielt imponerande er operasongaren Dickinson, som ikkje syng eit kilogram dårlegare enn kva han gjorde i glansdagane.

Men glansdagane er her og no. Aldri har vel Iron Maiden vore meir populære. Det heile tok av, igjen, etter reunionen i 1999, og sidan har det berre gått oppover. Og eg ser ingen grunn til at "A Matter of Life and Death" skulle dempe noko på framgangen.21. november spelar Maiden i Vallhall.

Dickinson har trua med å spele heile albumet på den komande turneen. Det vil ikkje vere meg i mot. Eg ser med glede fram til konserten uansett kva reportoar Dicksinson og co skulle legge for dagen. For Iron Maiden er per dags dato verdas beste og mest oppegåande band. Kvifor eg meiner det, kan vi ta ein annan gong.

MvhBenjamin Breeg

Wednesday, February 14, 2007

Snart Ozzy-konsert

Vel. Vi snakkar om fire månadar minus seks dagar. Men eg har begynt å telle ned. Det blir mykje Ozzy om dagen. Etter ei periode med No More Tears, har eg funne fram Live At Budokan. Plata kan ikkje måle seg med Tribute-albumet, men er ei meget god liveplate -spør du meg. Eg vil tørre å påstå at Live At Budokan er nokre hakk betre enn Live & Loud - faktisk. Det er dobbelt så mykje snacks på Live & Loud, men utan at eg heilt klarer å beskrive det er den litt tung å svelge. Det er ikkje Budokan. Det kan hende at det er noko med Zakk Wylde. Han herjar rett og slett. Av høgdepunkta på skiva nemner eg Mr. Crowley, Paranoid, Believer og Road To Nowhere. Dette var inga anmelding av ei skive - berre ei anmoding. Ha ein god og rocka onsdag!

PS. I dag blir RIFF-sendinga lagt ut på www.studentkanalen.com. Stig Kviljo er special guest, og vi spelar AC/DC, Metallica, Black Sabbath, Iron Maiden og Led Zeppelin.

Monday, February 12, 2007

I CD-spelaren i dag

CD-spelaren er forresten skikkeleg råten. Anlegget ligg i Bodø, og her på Hareid nyttar eg den vesle CD-spelaren eg brukte før i tida. Det lyd ikkje akkurat piggtråd.

Men i CD-spelaren, evntuelt discmanen ligg:

AC/DC - Who Made Who
Pantera - Cowboys From Hell
Ozzy Osbourne - No More Tears
Van Halen - Van Halen (altså deira første album)
My Chemical Romance sitt nest nyaste studioalbum

Thursday, February 8, 2007

Listefeber: Den uktimate Ozzy-konserten

Eg har begynt å glede meg til Ozzy-konserten i juni (det er fire månadar og ein dag til) , og har no tenkt ut ei setlista eg kunne tenkt å høyrt på lerkendal. Hinderet er jo at konserten ikkje kan vare evig. Derfor plukkar eg ut 14 songar, og reknar med at om lag tre songar frå albumet som kjem i mai vil bli addert.

1. Crazy Train
2. Desire
3. Perry Mason
4. Mr. Crowley
5. Paranoid
6. Mama Im Coming Home
7. Revelation (Mother Earth)
8. So Tired
9. Shot In The Dark
10. Bark At The Moon
11. Iron Man
12. Children Of The Grave
13. Fire In The Sky
14. Diary Of A Madman

Her var det veldig mykje bra som ikkje kom med. Faktisk ingenting frå Down To Earth. Og både Diary Of A Madman og No More Tears, spesilet, er underrepresenterte. Goodbye To Romance og No More Tears (songen) kunne eg også tenkt meg,

Det er vel berre Mama Im Coming Home, Paranoid, Crazy Train og Mr. Crowley som er sikre kort. Resten er rein draumetenking. Det er vel forresten meget sannsynleg at I Dont Want To Change The World vil bli spelt. Den har eg ikkje nemnt.

Maidenmann i Maidenland - teksten, eller utkastet, som aldri kom på trykk


Etter Iron Maiden-konserten eg var på 21. november i fjor, skreiv eg ned nokre liner. Etter kvart vart det ein heil tekst, eit utkast, og plutseleg sendte eg den til Vikebladet/Vestposten, som ville trykke den. Eg hadde også ein munnleg avtale med Bodøstudenten. Men Vikebladet/Vestposten sa aldri noko meir. Og når Bodøstudenten skulle trykkast, var det plutseleg veldig lenge sidan konserten. Eg har ikkje sett på det eg skreiv sidan seint i november, men eg klipper den inn her:
Maidenmann i Maidenland

Klokka er 15.30, 21. november 2006. Eg og kompanjongen min står utanfor Vallhall. Eit band som hadde si storheitstid på 80-talet, skal om fem og ein halv time spele i hallen. Det til tross – eit hundretals menneske har allereie stilt seg i kø i duskregnet.
Tekst: Einar Orten Trovåg
Foto: Stig Kviljo


Nokre av dei står berre i t-skjorta. Sjølv har eg på meg fire lag på overkroppen. Under ei stor vinterjakke, har eg kledd på meg tre Iron Maiden-relaterte plagg. Inst har eg turneskjorta frå i fjor, dekka av turneskjorta frå i år, som igjen ikkje kjem til syne grunna ein gensar med påskrifta ”Iron Maiden – Piece of Mind”.

Men i dag er det nesten utelukkande nye songar som står på programmet. Det er intet mindre enn ei modig oppgåve å luke vekk så mange slagerar til fordel for 70 minutt med nytt materiale. Men likevel – 13 000 nordmenn har billett til konserten.

Kompanjongen min skal skrive eksamensoppgåve om konserten og det som skjer rundt. Klokka 17.30 begynner han å intervjue dei ivrigaste supportarane, medan eg stiller meg opp i køa. Eg møter ein eg har spelt fotball saman med i Bodø. – Er du stor fan? spørr han. – Stor nok, er svaret mitt. Klokka 17.55 kan eg ikkje sjå slutten av køa. Kompanjongen min er ferdig med intervjua sine, men må pent nøye seg med å stille seg opp nesten hundre meter bak meg.

Så dukker to vakter opp. ”Maiden! Maiden! Maiden!” lyd det frå oss ventande, og når snora blir brote av – ja, så spurtar dei som har venta lengst inn til billettkontrollen. Når min tur kjem, går eg over middels fort inn i den svære hallen. Eg går mot salsboda, men for ein fattig student viser det seg at prisane er alt for høge. Eg nøyer meg med eit sveitteband, eit kjøp som skulle vise seg å bli smart.

Trivium er oppvarmarar. Rykta seier at dei er dei nye Metallica. Skal eg spreie rykter, så blir det at dei definitivt ikkje er dei nye Metallica. Makan til bråk har eg ikkje høyrt sidan i fjor, då Mastadon varma opp for Iron Maiden.

Eg bestemmer meg for å stå sånn passeleg langt framme til venstre. Høge folk vil eg helst ha bak meg. Men det viser seg å bli unngåeleg. Å vere 1 meter og 70 centimeter er visst under gjennomsnittet. Eg bind jakka om livet, og tar sveittebanet rundt panna – eg er klar!

Iron Maiden let vente på seg. Def Leppard sin hit ”Animal” og ”You Got Another Thing Comin” med Judas Priest går over høgtalarane både ein og to gongar. Det gir tid til å ta eit overblikk over folkemassen. Fleirtalet av dei frammøtte er ungdom, i all hovudsak gutar, mellom 15 og 20 år. Men det er nok av unntaka. Eg observerer gråhåra menn med bart og ølmage, og damer i 40-årsalderen. Og rett til høgre for meg står ein mann med ein liten unge på skuldrane.

Klokka er nærmare ni når lyset blir slått av. Vi får høyre eit stykke operamusikk, før Bruce Dickinson og co begynner på ”Different World”, opningssongen på ”A Matter of Life and Death”. Deretter går det slag i slag, låt etter låt, akkurat som på nyealbumet. Folk er med. Eg må stå på tåballane for å klare å sjå bandet, men klarer aldri å sjå meir enn ein eller to av dei samtidig likevel.

Frå den sjuande songen, ”The Reincarnation of Benjamin Breeg”, begynner det å ta av. Publikum har bytta ut song på refrenga og vising av rocketeiknet, med hopping og synging av heile songar. Eg begynner å sveitte noko sinnsjukt. Fleire gongar må eg drage sveittebandet ned langs heile andletet for å tørke opp all væska.

Bruce har nyhende å kome med. Iron Maiden kjem tilbake til Noreg sommaren 2008, for å halde ein konsert på ein plass som kan romme alle dei 13000 som er her i dag, pluss dei som kjem til Bergen på torsdag. Vi trur Bruce. I fjor sommar sa han at Maiden ville kome tilbake litt før jul 2006. Og det viste seg jo å stemme bra.

Men no er det dagens konsert som gjeld. Framføringa av nesten ti minutt lange ”The Legacy” avsluttar sekvensen frå A Matter of Life and Death. Vi som har finlest setlistene frå tidlegare konsertar denne turneen, veit at det skal spelast fem klassikarar til slutt.

Og dei begynner med Fear of the Dark. Mange mislikte at den ikkje vart spelt på forrige turne. Men den som ventar på noko godt, ja den ventar ikkje forgjeves. Om det ikkje har tatt heilt av frå før, så går publikum av hengslene no. Vi hoppar, spelar luftgitar, og syng med livet som innsats. Eg hoppar, eg spelar luftgitar, og eg syng med livet som innsats. På neste låt, som rett og slett berre heiter Iron Maiden, begynner eg å bli alvorleg sliten. Eg må ta meg pauser frå hoppinga, luftgitarspelinga, og synginga. At dette er god trening, er det ingen som skal tvile på.

Dei gamle songane får også liv i den eldre garde. Faren som står like ved meg, syng så månen held på å dette av han. Den stakkars sonen hans ser forundra på han. Så dukkar ein gedigen tanks opp på scena. Det manglar ikkje på scenshow her i garden. På den nest siste songen, The Evil That Men Do, dukkar maskoten Eddie opp på scena. Jubelen går gjennom taket, og sikkert langt inn i sentrum av Oslo By.

Meisterverket Hallowed Be Thy Name avsluttar det heile. Det er ekstremt tøft, men alltid vemodig. Etter songen takkar bandet for seg, og kastar trommestikker og plekter utover salen. Ein ung lyslugg er tydeleg fortvila, og bryt ut: - I 2003 va d i som fækk trommestikka.

Ei samla tropp på 13 000 går mot t-bana. Eg skriv ei melding til pappa: ”Konserten får garantert terningkast 6 i VG og Dagbladet i morgon”. Eg er sliten, og takkar ikkje nei når roadiane deler ut gratis cola i store mengder.

Våt av sveitte, regn og glede går eg til køys. Eg veit at det har vore ein historisk kveld. Ut på nyåret vil 130 000 påstå at dei var i Vallhall 21. november 2006.


Faktaboks:

Iron Maiden vart starta opp i Aust-London i 1975. Steve Harris var og er pådrivar og hovudsongskrivar.* Har gitt ut følgande album: Iron Maiden (1980), Killers (1981), The Number of The Beast (1982), Piece of Mind (1983), Powerslave (1984), Live After Death (1985), Somehere In Time (1986), Seventh Son of a Seventh Son (1988), No Praying for the Dying (1990), Fear of the Dark (1992), A Real Live One (1993), A Real Dead One (1993), Live at Donigton (1994), The X-Factor (1995), Virtual XI (1998), Brave New World (2000), Rock In Rio (2002), Dance of Death (2003), Death on the Road (2005), A Matter of Life and Death (2006)
Besetning anno 2006: Bruce Dickinson (vokal), Dave Murray (gitar), Adrian Smith (gitar), Janick Gers (gitar), Steve Harris (bass), Nicko McBrain (trommer).
Iron Maiden har solgt nærmare 70 millionar skiver.
Konserten i Vallhall tysdag fekk terningkast 6 i VG, og 5 i Dagbladet.

Noise Pollution anbefaler plater: Deep Purple - Burn




Deep Purple er kanskje mest kjende for å stå bak Machine Head, plata som kan by på verdas mest kjende riff, Smoke On The Water, og songane Lazy, Highway Star og Space Truckin. Den første plata til Purple med Gillan og Glover, In Rock, er også sagnomsust. Enkelte påstår at det var då (i 1970) at heavy metal oppstod (Black Sabbath gav ut både debuten og Paranoid same år).


Men i dag anbefaler vi det første (av to)albumet til Deep purple si tredje bestening, Burn (1974).

Gillan og Glover var ute av bandet, men inn kom Glenn Hughes, som bass og vokalist, og David Coverdale som rein vokalist. Det skulle vise seg å vere eit sjakktrekk, i alle fall på kort sikt. Burn er nemleg eit meget bra album, sjølv om det er meir bluesy og mindre typisk Purple enn det meste bandet har gjort.


Det heile opnar med tittelkuttet. Riffet er genialt, og solane både eksprimentielle og geniale. Hughes og Coverdale byttar på å vere "lead singer". Det er meget synd at Deep Purple ikkje har spelt denne songen sidan Hughes og Coverdale var med i bandet, men det er jo også forståeleg. Så det er Coverdale og sitt nye band etter Deep Purple, Whitesnake, som har gjort at Burn likevel har blitt spelt på ein del arenaer opp gjennom åra.


Etter tittelkuttet kjem to andre gode songar, Might Just Take Your Life og Lay Down Stay Down. Begge er typiske for "Blues Purple", og liknar mykje av det Coverdale gjorde med Whitesnake etter kvart. Låt nummer 4, Sail Away, er ein skikkeleg outsider.
Eg likar den meget godt, og meiner at den har ein nerve som kan flytte fjell.


You Fool No One og Whats Going On Here er to heilt greie låtar. Sistnemnte har eit tydeleg pop-preg, men det funkar absolutt heilt OK. Sjuande og nest siste spor, Mistreated, er albumet sitt nest beste etter Burn. Mistreated er ein seig rockeblues, som du også kan høyre på livealbuma Made In Europe og California Jamming. Mange meiner at versjonen på Made In Europe overgår den som er spelt inn i studio.


Det heile blir avslutta med ein instrumental, "A" 200.


Jon Lord (tangentar) har kanskje gjort meir banebrytande prestasjonar tidlegare. Eg meiner at jobben han gjer på Burn er undervurdert. Mannen er jo genial! Ian Paice (trommer) har truleg aldri vore betre enn han er i perioden med Hughes og Coverdale (som også inkluderer Stormbringer og Come Taste The Band). Det blir sagt at han aldri har øvd sidan midten av 70-talet, og det kan hende det stemmer. Vokalkombinasjoen Hughes/Coverdale funkar bra. Eg vil påstå at Coverdale har den beste røysta, men Hughes er også flink. Kva då med Blackmore (gitar) sjølv? Joda. Du finn ikkje noko svar på Smoke On The Water her, men han presterer godt over pari. Blackmore er oppfinnsam og faktisk også banebrytande. Kven andre har gått frå eit tung og skrikande band, til eit delig og bluesy eit, sjølv om bandnamnet forblei det same?


Konklusjon: Burn er Deep Purple sitt nest beste album - etter Machine Head

Noise Pollution anbefaler plater: Black Sabbath - Paranoid




Det er lettare å anbefale, eller å anmelde, plater som er av typen "underdogs". Men i dag skal vi rett og slett ta for oss ein av dei verkeleg store klassikarane, nemleg Black Sabbath sin andrefødde, Paranoid.


Plata skulle eigentleg heite War Pigs, men fekk i siste liten namnet Paranoid, sidan War Pigs ville blitt for kontroversielt med tanke på Vietnam-krigane og så vidare. Men coveret fekk sleppe gjennom, og passar langt betre til tittelen War Pigs enn Paranoid.


Det heile opnar med War Pigs, som er ein seig låt der du nesten kan høyre bombene bli droppa over Vietnam. Vidare kjem Paranoid, som er det nærmaste Black Sabbath nokon gong har kome ein hit. Eg vil ikkje påstå at Paranoid er poppa, men den er ikkje "lettare" enn at alle kan la den gli ned øyregangane. Paranoid er nok Sabbath sin mest kjende låt, og det er det vel ikkje noko å seie på. Etter to verkeleg store meisterverk, kjem Planet Caravan, ein roleg og mystisk song. Når eg høyrer Planet Caravan, tenker eg på nonner og munkar, eller kanskje til og med arabiske rytmer. Men songen passar faktisk inn i samanhengen den er sett i. Det fjerde sporet på plata er Iron Man, som blir styrt av eit knalltøft riff. I likheit med dei to første spora er Iron Man ein verkeleg klassikar, som vi gjerne ser at Ozzy spelar i Noreg denne sommaren.


På side to, eller andre halvdel av plata som vi bør seie når vi snakkar om ein CD, finn vi først Electric Funeral. God gitar og skremmande vokal pregar songen. Etter den elektriske gravferda kjem plata sine to minst interessante spor; Hand Of Doom og instrumentalen Rat Salad. Heldigvis blir det heile drege i land med Fairies Wear Boots - ein grøssar av ei avslutning.

Konklusjon: Seks av dei åtte spora kom med på ei best of-plate eg har av Sabbath, og det får seie sitt. Hand Of Doom og Rat Salad er kanskje ikkje all verda, men dei er heller ikkje svakare enn at det hindrar oss i å gi Paranoid terningkast 6.

Wednesday, February 7, 2007

Noise Pollution anbefaler plater: Ozzy Osbourne - Blizzard Of Ozz

Eg vil ikkje fastslå at Ozzy Osbourne sitt første album (utan Black Sabbath) er mørkeprinsen sitt beste, men det er eit av dei.

Det kan vel vere noko sånt som fire eller fem år sidan eg kjøpte mitt første album av soloartisten Ozzy Osbourne - og det var nettopp Blizzard Of Ozz. Hadde ikkje albumet vore bra, hadde eg sikkert ikkje brydd meg så mykje om Ozzman i dag, men det gjer eg altså. Blizzard Of Ozz er nemleg eit av mine favorittalbum...

Det heile opnar med I Dont Know. Songen set standarden, og har vore ein klassikar i livesamangheng i alle år. I Dont Know er neppe den beste songen på albumet, men har eit kult riff og eit fengande refreng. Terningkast: 5

Crazy Train er eit av Ozzy sine største meisterverk, og står att som ein bauta i hardrocken si historie den dag i dag. Versa er fengande, og teksten har meining. Men det er Randy sitt gitararbeid som hevar det heile nokre ekstra hakk. Terningkast: 6

Goodbye To Romance er ballada der Ozzy fortel om det uønska brotet med Black Sabbath. Songen funkar meget bra i den samanhengen den er sett. Og om du likar rockeballader eller ei - så likar du denne. Pluss for meget god solo. Terningkast: 5

På instrumentalen Dee leikar Randy seg med ein klassisk gitar. Sporet klokkar seg inn på 50 sekund, og er ein fin break før plata går over i eit tyngre parti. Terningkast: 5

Suicide Solution har fått eit litt haltande ettermæle, men ikkje grunna songen sine kvalitetar. Det var nemleg ein gut som tok sjølvmord - angiveleg fordi han høyrde denne songen. Suicide Solution er mørk og dyster, og er ein godt over middels god låt. Terningkast: 5

Eg meiner at spor nummer seks på plata, Mr. Crowley, er Ozzy sitt største verk gjennom tidene. I tillegg inneheld den to soloar som eg ser på som tidenes beste - kanskje på delt førsteplass saman med Highway Star av Deep Purple. Orgelintroen på songen er absolutt gåsehud. Mange meiner at ozzy touchar okkulte ting med songen, men eigentleg har ikkje Ozzman peiling på slikt. Han berre skreiv ein ironisk song om temaet. Terningkast: 6

No Bone Movies er ikkje dårleg, men er i følge meg plata sitt minst interessante kutt. Det blir rett og slett litt for forutsigbart. Terningkast: 4

Men det gjekk i strak oppoverbakke. Revelation (Mother Earth) er eit meisterverk. Songen er relativt roleg, men har ein intens nerve i seg. Randy briljerer nok ein gong, og Ozzy finn også ein vokal som passar perfekt inn i samanhengen. Terningkast: 6

Steal Away (The Night) får æra av å avslutte det heile (dersom du ikkje har ein versjon av plata med bonusspor), og gjer det med stil. Steal Away er ein kjapp rockar som fenger. Sett vekk frå Dee finn du ikkje kortare spor på plata. Terningkast: 5

TOTALINNTRYKK: Terningkast 6

Tuesday, February 6, 2007

To sendingar i boks

I dag spelte vi inn to sendingar av Noise Pollution.

Sendinga "Ozzy Osbourne" blir tilgjengeleg på www.studentkanalen.com frå og med onsdag. "Riff" blir sendt neste onsdag og ei veke framover.

Stig Kviljo var "ekspert" under begge sendingane.

Følgande Ozzy-spor vart brukt:

1. Mr. Crowley (frå Tribute)
2. Over The Mountain (frå Diary Of A Madman)
3. Shot In The Dark (frå The Ultimate Sin)
4. Iron Man (frå Tribute)
5. Mama Im Coming Home (frå No More Tears)
6. Dreamer (frå Down To Earth)

Kva som skular seg under "Riff", røpar vi ikkje enno.
Nokre forandringar vart gjort i høve til det som vart diskutert under eit anna innlegg her.

Så klokka 20.00 onsdag må du benke deg framfor dataen - eventuelt kan du høyre sendinga i opptak.

Sunday, February 4, 2007

Ozzy med ny plate i mai

Eg vart Ozzy-fan rett etter Down To Earth, i 2001.
No skal eg få endeleg "vere der" når Ozzy kjem med ei ny plate, noko han gjer i mai.
Det skal bli fett!

På tysdag skal vi spele inn to Noise Pollution-sendingar. Eg veit ikkje kva som skal på lufta først og sist, men vi skal i alle fall ta opp følgande:

- RIFF
- Ozzy Osbourne

På RIFF-sendinga skal vi etter alt å døme ha med ein special guest per telefon.
Vi jobbar med å få Ozzy sjølv som gjest i studio under Ozzy-sendinga, men det ser førebels vanskeleg ut. Men kven veit?

Svar: Alle

Eg er eigentleg meir enn nøgd nok med at Ozzy kjem til Noreg i juni - rett etter at han har gitt ut ny plate.

Riff Raff

Det er laga mange bra riff opp gjennom tidene, og det skal vi i Noise Pollution no ta for seg. Men kva riff det er som er dei beste, stridast dei lærde om.

Smoke On The Water (Deep Purple) er nok eit av tidenes mest høyrde og velkjende riff, men har etter kvart utvikla seg til å bli ein klisje.

Back In Black (AC/DC) er ein heit kandidat til å bli spelt på sendinga. AC/DC har laga mange gode riff, og har att på til ein song som heiter Riff Raff, men Back In Black er det mest klassiske.

Skal vi snakke om riff, må riffmeister Tony Iommi nemnast. Black Sabbath-gitaristen kan skilte med til dømes Iron Man og Heaven And Hell.

Led Zeppelin må vere med. For eit par år sidan kåra VH1 Black Dog til tidenes beste riff - alle kategoriar.

Iron Maiden har eit ess i ermet i The Trooper.

Og kva med Metallica? Jo. Der har vi jo Enter Sandman. Og For Whom The Bell Tolls. Og mange fleire.

Nokre nemnt. Ingen "glemt".

Thursday, February 1, 2007

Sending nummer sju av Noise Pollution gjekk på lufta i går

Og vil også gjere det fram til onsdag klokka sånn sirkus 18.00.

Klikk deg inn på www.studentkanalen.com og leit opp "radio".

Følgande songar vart inkludert på sendinga, som sjølvsagt handla om Aerosmith:

1. Dream On (frå "Aerosmith" 1973)
2. Sweet Emotion (frå "Toys In The Attic" 1975)
3. Walk This Way (frå "A Little South Of Sanity" 1997, oprinneleg versjon på "Toys In The Attic" 1975)
4. Dude (Looks Like A Lady) (frå "Permanent Vacation" 1987)
5. The Water Song/Janies Got A Gun (frå "Pump" 1989)
6. Cryin (frå "A Little South Of Sanity" 1997, opprinneleg versjon på "Get A Grip" 1993)

Wednesday, January 31, 2007

Kva er best av "gamle Aerosmith" og "nye Aerosmith"?

Mellom 1973 og 1978 var Aerosmith eit litt rølpete hardrockband med halvtunge gitarar og ein sleip vokalist. Så forsvann gitaristane og bandet var i ingenmannsland nokre år. Mellom 1987 og 1993 var Aerosmith eit litt poppa hardrockband med delvis tunge gitarar og ein høgtsvevande vokalist.

På den eine sida har vi Dream On, Mama Kin, Sweet Emotion, Toys In The Attic, Walk This Way, Back In The Saddle og Last Child.

På den andre er Cryin, Dude (Looks Like A Lady), Janies Got A Gun, Amazing, Young Lust, Angel, Walk On Down og Love In An Elevator.

Så kva "periode" er best?

Eg er litt usikker. Eg er av den formeining at lyden ikkje er heilt optimal på dei tidlege platene. Det blir kanskje litt i overkant mange ballader, men balladene er til gjengjeld meget kompetente.
Det at lydbiletet på dei første platene kan høyrest litt haltande ut, passar i grunnen til songane. Men eg hadde heller ikkje takka nei til ein betre studioversjon av Walk This Way eller Toys In The Attic - for å ikkje snakke om Dream On. På den andre sida kan det hende at songane mellom 87 og 93 er litt i overkant innpålsitne - av og til.

Eller kanskje ikkje.

Eg likar stort sett alt av Aerosmith. Men sidan eg er i eit slikt listehumør om dagen, våger eg meg på ein "Top 10 Aerosmith":

10. Back In The Saddle
9. Amazing
8. Magic Touch
7. Same Old Song And Dance
6. Dude (Looks Like A Lady)
5. Sweet Emotion
4. Janies Got A Gun
3. Dream On
2. Cryin
1. Walk This Way

Og kva er så det beste albumet?

Veldig vanskelig spørsmål. Frå "gamle Aerosmith" er Rocks ein blockbuster, men også Toys In The Attic og Live Bootleg er meget bra. Frå "nye Aerosmith" er det jo utvilsamt tre album som skill seg ut. Men kva er best av "gladcomebackalbumet" Permanent Vacation, det overraskande og gjennomførte "Pump", og Aerosmith sitt mestselgte album nokon gong, "Get A Grip"?

Av alle desse held eg liten liten knapp på Permanent Vacation.

"Hearts Done Time. No She`s Mine"

Tuesday, January 30, 2007

Listefeber

Eg likar i grunnen lister. I mi første liste på Noise Pollution skal eg ikkje rangere noko - berre gi ei oversikt over songar eg anbefalar klokka 11.34 ein tysdag formiddag.

1. Rush - Tom Sawyer
2. Iron Maiden - Different World
3. Quiet Riot - Metal Health
4. Aerosmith - Cryin
5. Pantera - Cowboys From Hell
6. Mods - Bli Her I Nått
7. DumDum Boys - Tynn Tråd
8. Ratt - You`re In Love
9. Heart - Alone
10. Aerosmith - Walk This Way (Live frå A Little South of Sanity)

Aerosmith får sjølvsagt to songar sidan det er dei vi skal snakke om på Noise Pollution denne veka.

Sunday, January 28, 2007

Neste Noise Pollution

blir det Aerosmith vi tar for oss. Eventuelt: Eg tar for meg.

Det skal bli tøft.

Friday, January 26, 2007

Mr. Einar skal høyre Mr. Crowley - LIVE!

Eg skal til Trondheim 8. juni.

Eg har aldri vore i Barteland sin hovudstad.

Det ser no altså ut som at det er Ozzy Osbourne som gjer at eg skal dit for første gong.Ozzy blir ikkje akkurat yngre, og skal eg nokon gong vere på konsert med han og resten av bandet, så blir nok dette ein av dei siste sjansane til det.

I det magiske grøne heftet står det at vi har vår siste eksamen mellom 4. og 6. juni.Kva passar då betre enn å ta ein tur innom Bartebyen før eg returnerer til det lova land med postnummeret 6060?

Det er ikkje heilt utenkeleg at John Michael Osbourne er tidenes største rockestjerne. Ozzy, som han er betre kjend som, var vokalist i tidenes første verkeleg tunge band, Black Sabbath, på 70-talet. Sidan har han gjennomført ei solokarriere som heller ikkje skal flirast vekk.

Så det blir altså ein stor konsert på meg i år også. Henrik (Bolstad Banne for desorienterte) blir også med. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å stå opp i morgon tidleg klokka 10.00 for å skaffe billettar. Men no las eg at alle som ringer etter billett i løpet av helga, får billett. Så etter ei slitsam veke skal vi ikkje sjå vekk i frå at eg søv til 10.30.

Mr. Crowley, Crazy Train, Goodbye To Romance, Bark At The Moon, Shot In The Dark, Mama I`m Coming Home, Paranoid, Road To Nowhere, Dreamer, Perry Mason, I Dont Know, Flying High Again, The Ultimate Sin osv osv

OZZY!!!!!!!

Thursday, January 25, 2007

Nytt musikkår - nye moglegheiter

Musikkåret 2006 var ei bra nok affære. Iron Maiden overraska stort med "A Matter Of Life And Death", som Classic Rock kåra til fjorårets beste skive. Eg er forsåvidt også eining med 2.plassen - Wolfmother si nyaste. Det tredje albumet eg vil nemne frå i fjor er eit eg ikkje fekk høyre før det var ei veke att av året: My Chemical Romance - The Black Parade. Feite saker!

Eg har no brukt ei pengegåve eg fekk til jol til å bestille nokre varer frå cdon.com. Eg fekk tre cdar og ein singel frå dei i går. Det albumet eg har brukt mest tid på til no er Cowboys From Hell med Pantera. Eg har vore litt småskeptisk til Pantera, med dette er musikken sin!
Elles kom Rush sin klassikar, moving Pictures, og ei best of-plate med Quiet Riot. Dei to har eg enno ikkje fått høyrt noko særleg på. I tillegg fekk eg altså ein singel, Different World med Iron Maiden. Eg bestillte den utelukkande fordi ein liveversjon av Iron Maiden (altså låta Iron Maiden) var "b-side". Den vart tatt opp så seint som i fjor haust, i Køben.
Cdon.com treng derimot litt meir tid på skaffe meg singelen The Trooper med same band. Eller singel og singel. Det skal visst vere fem spor på den.

Så kva kan vi venta oss på hard- og heavyrocksida i 2007?

Kjem endeleg Guns N Roses - eller Axl Rose om du vil - med nytt album? Eg tvilar. Kanskje kjøper eg albumet, eg veit jo i grunnen at et er dårleg. Mange av låtane har vore tilgjengeleg på nettet i ei årrekke - og dei har ikkje akkurat imponert meg.

Så er det snakk om at AC/DC skal kome med noko nytt - kanskje til og med eit dobbeltalbum. Rykta kjem og går. Eg er litt spent og litt skeptisk. Eg trur ikkje at dei felilar heilt. Men yngstemann i bandet er Angus med sine snart 52 år, og røysta til Brian Johnson har blitt spakare og spakare dei siste åra.

Metallica har allereie sluppe to songar, og kjem med nytt album i år. Det kan bli så som så. Det er mange meiningar om St. Anger (2003). Eg synest det albumet var rett og slett svakt. Og det begynner å bli alvorleg lenge sidan Metallica slapp noko av kvalitet over terningkast 3. Men så er jo eg også ein av dei som likar dei fire første albuma deira klart best (Kill`Em All, Ride The Lightning, Master Of Puppets og ... And Justice For All).

Ozzy kjem til Noreg - og det to dagar etter at eg skal ha vårens siste eksamen. Ozzy og co skal spele både i Trondheim og Oslo - og eg vurderer sterkt å få med meg ein konsert med dei på veg sørover frå Bodø.

Det kjem sikkert ut mykje meir rock i 2007, frå dei kjende og kjære til dei heller uskrivne blada.
Artig blir det sikkert. Sjølv om eg gjerne hadde blanda dagens samfunn med musikken frå 80-åra.

Årets første sending i boks

Stemninga var stor i "de tusen hjem" då første sending av Noise Pollution gjekk på lufta i går. Temaet var AC/DC under Bon Scott, og vi spelte:
- It`s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock N Roll)
- Dirty Deeds Done Dirt Cheap
- Whole Lotta Rosie
- Riff Raff (live)
- Highway To Hell
- Shot Down In Flames

Burde sjølvsagt hatt ei tretimars sending med AC/DC under Bon Scott, men det ville nok ikkje redaktøren gått med på.

Wednesday, January 24, 2007

Ozzy til Noreg!

Det må eg nesten få med meg!

Tuesday, January 23, 2007

Its A Long Way To The Top (If You Wanna Rock N Roll)

På onsdag er temaet på Noise Pollution AC/DC under Bon Scott. Derfor legg vi ut ei vurdering av platene bandet gjorde med Scott som vokalist her.

Katalogen til bandet varierer frå land til land. Vi her oppe har ikkje tilgang til "TNT", men har i staden EP-en "74 Jailbreak". Vi tar likevel berre for oss dei seks heile albuma her:

1. High Voltage. (1975-76. Alt etter som.)

Opnar med Its A Long Way To The Top (If You Wanna Rock N Roll). Det tok eigentleg ikkje så langt tid før AC/DC nådde toppen, men songen har ein sterk symbolverdi den dag i dag, og vart mellom anna brukt i filmen "School Of Rock". Sekkepipesoloen er ikkje anna enn verdsklasse. To andre spor har likevel peika seg meir ut i ettertid, fordi dei har blitt gjengangarar på konsertane: The Jack og TNT. I tillegg er Rock N Roll Singer og tittelsporet av det fantastiske slaget. Ein debut det luktar svidd av!

Terningkast: 6

2. Dirty Deeds Done Dirt Cheap (Etter High Voltage ein gong, mest truleg i 76)

Kvaliteten på tittelkuttet kan ingen trekke tvil ved. Ein allsong som enno er med på konsertane(i den grad AC/DC har hatt konsert på tre, fire år). Resten av materialet er tøft og rølpete, sjølv om vi ikkje får høyre like mange klassikarar som på High Voltage. Verdt å merke seg er det at Angus og co aldri har vore nærmare ei ballade enn Ride On. Andre spor vi merkar oss er Love At First Feel, Big Balls, Rocker og Problem Child. AC/DC hadde med dette laga så mykje godt materiale at dei var etablerte rockarar i verdsklasse - og definitivt det beste og mest populære bandet i Australia.

Terningkast: 5

3. Let There Be Rock (1977)

No tok det verkeleg av! Dette albumet er ein rein demonstrasjon av tunge gitarar og songbare refreng. Ingen revolusjon på tekstsida - det er enno snakk om sex, drugs og rock and roll, men tittelsporet er ei artig sak. Har du sett musikkvideoen, der Bon er utkledd som prest? Songen er rocken sin versjon av skapingshistoria. Men AC/DC kom ikkje lenger enn til andre eller tredje dagen, før dei fann ut at rocken vart skapt. Andre sterke verk er Go Down, Dog Eat Dog, ein ny og nesten identisk versjon av Problem Child, og ikkje minst Hell Aint A Bad Place To Be. Vinnaren er likevel Whole Lotta Rosie - som dog gjer seg enda sterkare live, då publikum brølar Angus mellom kvar gitartrudelutt i byrjinga. Rosie er ei feit dame som har pryda scenene til bandet som ein plastikkfigur i mange herrens år. Låten vart forøvrig kåra til tidenes beste innan hardrock i 1978.

Terningkast: 6

4. Powerage (1978)

Albumet opnar som ei kule med Rock N Roll Damnation. Albumet sit generelt sett som ei kule, men materialet kan ikkje måle seg med det foregåande albumet. Sin City er ein seig og tøff låt, og Riff Raff er oversvømt med god gitar. Sistnemnte spor burde absolutt ha blitt spelt meir på konsertane enn kva den har blitt gjort dei siste 15, 20 åra. Elles er materialet bra, men ikkje alltid like genialt. AC/DC er altfor gode til å feile, og om ikkje Powerage er av dei absolutt beste albuma til bandet, så ligg det tett opp under.

Terningkast: 5

5. If You Want Blood (You`ve Got It) (LIVE) (1978)

Dette er den einaste livealbumet med Bon Scott, og vart spelt inn på turneen som følgte Powerage-albumet. Classic Rock kåra tidenes beste livealbum for eit par år sidan, og plasserte dette albumet på andreplass. Og det er det absolutt ein grunn til. Faktisk fleire. Riff Raff funkar enda betre enn på Powerage, og også Hell Aint A Bad Place To Be når nye dimensjonar. Whole Lotta Rosie begynner å finne forma, og det tiande og siste sporet er faktisk Rocker. Ideelt sett burde kanskje albumet blitt spelt inn i etterkant av Highway To hell, men vi seier ja takk og vel så det også til dette albumet.

Terningkast: 5

6. Highway To Hell (1979)

Alle songane kan koplast opp mot Bon Scott sin bortgang, som er datert til 19. februar 1980. Highway To Hell, Night Prowler, Love Hungry Man osv osv. Det er nesten umogeleg å trekke fram spor frå dette albumet. Samtlige ti songar er klassikarar! Sjølve songen If You Want blood, You`ve Got It er inkludert. Det same er Walk All Over You , Touch Too Much, Get It Hot og Beating Around The Bush. For å ikkje snakke om Girls Got Rhythm og Shot Down In Flames! Då er vel alle nemnt, og det skulle vel i grunnen berre mangle... Dette er utvilsamt eit av musikkhistoria sine aller største høgdepunkt, sjølv om AC/DC hadde eit enda sterkere album på lager - som vi kjem tilbake med når vi tar for oss AC/DC under Brian Johnson.

Terningkast: 6

Sunday, January 21, 2007

Noise Pollution på onsdag

Onsdag går årets første sending av det ekstremt populære radioprogrammet på lufta.
Klokkeslett:Ukjent
Tema: Vent og sjå. Tøft blir det i alle fall

Gamle legender ikkje heilt nøgde med kvarandre

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=143012

Wednesday, January 17, 2007

Ein parantes til historikken om Iron Maiden

Eg nemnte ikkje at eg sjølv har sett Maiden ved tre høve. Først under turneen sommaren 2005, då dei reiste rundt og spelte songar frå sin.e fire første album. Eg var i Oslo Spektrum både 28. og 29. juni det året. Konsertane var heilt verdsklasse! Håper det kjem noko frå den turneen på CD snart...

Så var eg i Vallhall 21. november i fjor, og var av dei 13000 som fekk høyre heile A Matter Of Life And Death den dagen. Fem slagarar vart også spelt - ein legendarisk kveld!

Black Sabbath

Gode gamle Sabbath har vi ikkje hatt om på Noise Pollution enno. Skal eg følge planen, så skal eg ta for meg dei i februar. Men så vart jo alt utsatt og eg finn ikkje igjen planen eg laga og så vidare. Men historia til Sabbath treng du ikkje vente på. Den har allereie ein mann med namnet Stig Kviljo skrive. Klikk deg inn på http://rightnextdoortohell.blogspot.com/ , og du finn historia til bandet i to delar ute i høgremenyen.

Mitt forhold til Black Sabbath begynte vel då eg først høyrte Paranoid (songen), men når det var, kan eg ikkje datere. Det eg veit, er at eg var i Tyskland hausten 2002. Eg hadde ingenting av Sabbath, men måtte ha det. Dessverre, kan eg seie i dag, valte eg ut ein tilfeldig CD blant 20 Sabbath-album på ei svær platesjappe på eit svært kjøpesenter i den ganske så svære byen Berlin. Og valet fall på Never Say Die.

Plata datt inn i discmanen, og vart underhaldninga mi på den historisk keisame ferda frå Berlin til Hareid. Eg meinte faktisk at det var ganske tøft. Tittelkuttet var flott, og Juniors Eye og andre songar fall lett i smak i sinnet til ein 15-åring.

Men det skulle bli så mykje betre.

Under juletreet seinare same år fann onkel Rasmus det for godt å legge Paranoid. Og kva var det eg gjorde den romjola? Jo. Det gjekk i Paranoid og atter Paranoid. På discman, og på den vesle CD-spelaren. War Pigs, Paranoid, Planat Caravan, Iron Man og så vidare.

Det at Rasmus gav meg eit 32 år gammalt album til jol, passa glimrande med at Ozzy var i vinden den romjola. Eg fekk supplert høyringa av albumet med spesialprogram om Ozzy på TV Norge, og x antal episoder av The Osbournes.

Eg høyrte gjennom Paranoid i dag. Og minna kjem fort på. Eg vart Sabbath-frelst romjola 2002.

Etter kvart som eg skriv dette, begynner eg å lure. Skal eg framskunde Sabbath-sendinga til neste onsdag. Og stiller du som studiogjest via telefon då, Stig Kviljo?

Iron Maiden - Historikken del 7

Reborn And Reincarnated

Sekstetten vart mottat som gudar over alt. Ikkje rart. Men kva med det nye materialet bandet kom med?

Brave New World (2000)

Terningkast: 4

Eit poppa album, som likna Seventh Son. Kvaliteten var ikkje heilt like god. Plata begynte veldig bra. The Wicker Man vart følgt av Ghost Of The Navigators, tittelkuttet og Blood Brothers. Tøft! Det at siste del av plata er litt i lengste og repeterande laget, trekk ned. Men gleda over at Maiden var tilbake med ei betre besetning og sitt beste album på 12 år, overskygga alt anna. For det var lett å gløyme 90-talet no!

Rock In Rio (livealbum)

Terningkast: 4

Heile seks nye songar blir inkludert, og det funkar. Overraskande er det at Bayley-låtane Sign Of The Cross og The Clansman funkar som berre juling! Elles er dei fleste av dei absolutte klassikarane på plass, og dei 200 000 tilskodarane i Rio hadde det nok artig. Like bra som Live After Death er det ikkje, men vi takkar heller ikkje nei til dette dobbeltalbumet.

Dance Of Death (2003)

Terningkast: 4

Maiden gjekk i nye retningar. Den klassiske gitaren kom på plass, og fleire av songane var lange og episke. Det funkar i grunnen bra, men låtmaterialet er ikkje overveldande. Rainmaker og No More Lies var det nærmaste vi kom klassikarar, og også tittelkuttet og Journeyman skil seg ut. Som heilheit var dette ei annleis Maiden-plate, som nesten tok steget opp blant dei store.

Death On The Road (Live)

Terningkast: 5

Trengte vi nok eit livealbum? Kanskje ikkje, men mange av songane frå Dance Of Death gjer seg betre på denne plata enn kva dei gjer på studioskiva. Klassikarane blir aldri spennande, men blir spelt inn i gode versjonar. Medlemmane var no blitt mellom 40 og 50 år, men lot seg ikkje stoppe av det.

A Matter Of Life And Death (2006)

Terningkast: 6

Eit uhyre av eit album! 70 minutt med musikk du aldri trudde du ville få frå denne gjengen i 2006. Maiden var nok einige sjølv også. Albumet vart spelt i si heilheit på kvar einaste konsert den påfølgande turneen. These Colours Dont Run, The Longest Day, The Reincarnation Of Benjamin Breeg og For The Greater Good Of God. Maiden spelar lengre, høgare, farlegare og har innhaldsrike tekstar som aldri før. Kven hadde trudd det?

Iron Maiden - Historikken del 6

Nye tider - keisam musikk

Blaze Bayley (ex Wolfsbane) hadde inga dårleg røyst. Men erstatte Dickinson kunne han ikkje - sjølv om det var nettopp han som fekk det oppdraget. Dei to platene Maiden laga med Bayley var særs lite spennande, og høgdepunkta var det få av. Ikkje var det Bayley sin feil. Låtmaterialet var svakt, og bandet virka umotivert.

The X Factor (1995):

Terningkast: 2

Opningskuttet Sign Of The Cross gjer seg godt, men elles er her ingenting å skryte av.

Virtual XI (1998)

Terningkast: 2

Det var fotball-VM, og Iron Maiden spelte på det - utan å lukkast. Futureal og The Clansman er tøffe, men det er vanskeleg å snakke varmt om andre spor her.

I 1999 kom ei nyhende som nesten var for god til å vere sann. Dickinson kom tilbake, og Adrian Smith kom inn som ein tredje gitarist. No var Maiden ein sekstett!

Iron Maiden - Historikken del 5

Nedturen

Med Smith ute av bandet, vart Janick Gers valt som erstattar. Det var ikkje dei einaste skiftet. Også stilen stod for forandring. No skulle sceneshowet strippast ned - og musikalsk sett bar det tilbake til røtene. Det gjekk ikkje så bra...

No Prayer For The Dying (1990)

Terningkast: 3

Enkelte brukbare songar fekk sin plass på skiva, men heller ikkje Tailgunner, Holy Smoke eller Bringing Your Daughter ... To The Slaughter var det heilt store. Det til tross for at sistnemnte song vart Maiden sin første til å toppe den britiske singellista. Totalinntrykket av plata er svakt - men kanskje var vi berre blitt vande med at Maiden alltid leverte.

Fear Of The Dark (1992)

Terningkast: 4

Neste plate ut var eit hakk betre, men det kjem nok av at plata har ein song som stikk seg spesielt ut: Fear Of The Dark. Låten er i aller høgste grad betre live, men studioversjonen gjer seg heller ikkje vekk. Elles kunne både Afraid To Shoot Strangers, From Here To Eternity og Be uick Or Be Dead hevde seg. Plata er dessverre altfor lang (58 min) i høve til kvaliteten, og både Chains Of Misery og Judas Be My Guide burde blitt igjen i studio.

Så forsvann også Bruce Dickinson, fordi han vart lei og umotivert. Plateselskapet utnytta det til det fulle, og heile tre livealbum vart gitt ut etter at han slutta:

A Real Dead One - Klassikarar frå dei fem første albuma. Nesten utan høgdepunkt - ei unødvendig plate. Terningkast: 2

A Real Live One - Songar frå dei fire siste albuma. Langt betre utført enn dei gamle klassikarane. Terningkast: 4

Live At Donigton - For andre gong spelte Maiden på Monsters Of Rock. Det måtte sjølvsagt dokumenterast. Ei heilt grei dobbel liveplate. Materialet skil seg ikkje ut frå dei A Real Dead/Live One. Terningkast: 3

Det var ikkje berre Dickinson som gav seg. Det gjorde også produsent Martin Birch. Kunne dette gå bra?

Iron Maiden - Historikken del 4

Nye Maiden

Harris og co tok inn synthgitarar på Somewhere In Time (1986), og keyboard på Seventh Son Of A Seventh Son (1988). Enkelte mislikte det der og då. Langt fleire elskar det i dag.

Somewhere In Time

Terningkast: 6


Adrian Smith leverer sitt beste materiale nokon gong på denne plata. Han står for tre av åtte verk, inkludert begge singelane, Stranger In A Strange Land og Wasted Years. Men det var fleire songar som utmerka seg. Caught Somewhere In Time, Heaven Can Wait og Sea Of Madness går heller ikkje ut av hovudet ditt sånn utan vidare. Iron Maiden rocka ikkje i sine gamle fotspor. Dei gjekk nye vegar, og sett i ettertid var ikkje det eit dumt val i det heile. Somewhere In Time er Maiden på sitt aller beste.

Seventh Son Of A Seventh Son

Terningkast: 6

Eit temaalbum, og også det mest popliknade Maiden har levert - i alle fall fram til Brave New World. Seventh Son er fullført, morosamt, annleis og mystisk. Harris er som vanleg i god songskrivarform, og kven kan klage når også Smith og Dickinson er det. The Evil That Men Do og Can I Play With Madness blir enno spelt live, men fleire skattar gøymer seg her: The Clairvoyant, Infinite Dreams og ikkje minst opningskuttet Moonchild.

I 1989 valte Adrian Smith å hoppe av toget. Det skulle få uheldige konsekvensar for bandet...

Iron Maiden - Historikken del 3

I flytsona

Nicko McBrain tok over trommestikkene til Clive Burr framfor bandet sitt fjerde album, Piece of Mind. Dickinson, Murray, Smith, Harris og McBrain skulle bli bandet sin kvintett på dei fire neste albuma.

Piece Of Mind – Terningkast: 5

Maiden var i siget, og leverte i 1983 nok eit solid album. Harris hadde stått for det aller meste av låtmaterialet på dei tre første skivene, men no vart også dei andre involvert. Dickinson fekk sitt første låtbidrag til bandet i den nærmast episke Revelations. Det sporet som likevel stakk seg aller mest ut, var The Trooper. Denne songen tar heilt av på konsertane den dag i dag. Makan til orgie i samspelte sologitarar finn du neppe. Andre legendariske spor var opninga Where Eagles Dare og Die With Your Boots On. Hadde dei andre spora vore eit par hakk betre, kunne også Piece Of Mind innkassert ein 6-ar på terningen.

Powerslave – Terningkast: 5

I 1984 tok Iron Maiden med Eddie til Egypt. Coveret er eit av musikkhistoria sine beste!
Kva så med innhaldet på plata? Ingenting å klage på denne gongen heller. Aces High sparkar det heile i gong, etterfølgt av 2 Minutes To Midnight, ein song som tar for seg 2. verdskrig. Deretter følger fire heilt greie spor, før det heile blir avslutta på det mest meisterlege vis. Først med det fantastiske tittelkuttet, og til slutt 13 minutt lange The Rime Of The Ancient Mariner. Det er rett og slett synd at sistnemnte meisterverk ikkje har blitt spelt live sidan 1987.

Live After Death – Terningkast: 6

Iron Maiden tok seg ut på ein årelang turne med namnet World Slavery Tour. Det resulterte i ei liveskive. Live After Death er i det store og heile Iron Maiden sine beste songar til då framført live på det mest glimrande vis. Plata blir innleia av ein tale av Winston Churchill, før den blir sparka offisielt i gong med Aces High. Skal eit spor trekkast fram frå liveplata, så er det The Rime Of The Ancient Mariner. Liveversjonen overgår den som vart spelt inn i studio, og gjer definitivt at rygghåra dine reiser seg – sjølv om du ikkje har hår på ryggen. Live After Death er pensum!

Iron Maiden - Historikken del 2

Ny vokalist - tidlaus plate

The Number Of The Beast - Terningkast 6

Inn for Paul Di Anno kom ein kar som hadde vore vokalist i Samson. Der kalla han seg Bruce Bruce, men Harris og co meinte at det vart for flåsete, og mannen som erstatta Di Anno tok tilbake sitt gamle namn - Bruce Dickinson.

Dickinson hadde (og har enno) kanksje den kraftigaste og mest slitesterke røysta innan hard- og heavyrock. "Sirena" vart han kalla, grunna den operaliknande røysta.

Dicksinson sitt første album med Iron Maiden var "The Number Of The Beast" frå 1982. Det var då det verkeleg tok av. Tittelsporet, radiohiten "Run To The Hills" og meisterverket "Hallowed Be Thy Name" er alle rockeslgarar utanom det normale. Dei fem øvrige spora (seks på utgåva som blir gitt ut no) var også av eit farleg kaliber. Spørr du fansen, vil kanskje ein høgast prosentandel svare at dette er Maiden sitt beste album.

Som så altfor mange andre band, vart også Harris og co beskylda for å vere satanistiske. Tala 666 i refrenget på "The Number Of The Beast", teksta i den songen forøvrig, samt ein djevelliknande figur saman med Eddie på coveret, vart for mykje for ein del kristne. Harris fortel at teksta rett og slett er basert på ein draum.

Martin Birch var no fast produsent, og med ein svolten vokalist, ein som alltid stødig bassist og songskrivar, samt to gitaristar som utfylla kvarandre på det mest imponerande vis, måtte rett og slett berre The Number Of The Beast bli ein tidlaus klassikar.

Tuesday, January 16, 2007

Iron Maiden - Historikken del 1

Før noko vart spelt inn

I det herrens år 1975 vart bandet Iron Maiden starta opp i Aust-London. Medlemmane kom og gjekk. Steve Harris, bassist og songskrivar, var den einaste som var med heile vegen. Gitarist Dave Murray var også med eit par år, før han forlot bandet igjen. Denne perioda i bandet får du forøvrig eit fantastisk innblikk i på DVD-en "Early Days". Anbefalast!

Maiden spelte på klubbar i Aust-London. Etter kvart jobba dei seg opp eit namn, og fekk tilbod om platekontrakt. Men for at dei skulle få det, måtte dei klippe seg (punken oppstod på denne tida), og derfor svara Harris og co nei.

Iron Maiden vart ein del av The New Wave Of British Heavy Metal, saman med band som Judas Priest og Def Leppard. Skjønt - Maiden liknar ikkje sistnemnte band i det heile!
Kva var det som kjenneteikna musikken til Maiden? Jo. Bandet hadde to tvillinggitarar, som var vanvittig samstemte med den urstødige Harris på bass. Ein kan seie at musikken likna punk, men Maiden-medlemmane kunne verkeleg musikk!

Di Anno-perioden

I 1979 platedebuterte Iron Maiden med EP-en Soundhouse Tapes. Den vart først gitt ut i 5000 eksemplar, og er eit produkt som går for høge prisar blant samlarar og fans. Besetninga på EP-en var: Paul Di Anno (vokal), Steve Harris (bass), Dave Murray (gitar) og Doug Sampson (trommer). Legg merke til at berre ein gitarist var med!

a) "Iron Maiden" Terningkast: 5

I hardrocken sin store år, 1980, kom Maiden sitt debutalbum. Plata fekk ingen annan tittel enn rett og slett Iron Maiden, og den etter kvart så sagnomsuste maskoten Eddie fekk pryde coveret. Spora på albumet var dei som bandet hadde spelt på pubane og klubbane dei siste fem åra. "Iron Maiden", "Prowler", "Runnin Free", "Sanctuary" og "Phantom Of The Opera" er slagarar den dag i dag. Enkelte meiner at dette er Iron Maiden sitt beste album. Andre er einige med Steve Harris, som ikkje var nøgd med produksjonen i det heile. - Det kunne ha blitt eit sterkt album, har Harris sagt i ettertid. Besetninga på albumet var: Di Anno (vokal), Harris (bass), Murray (gitar), Dennis Stratton (gitar) og Clive Burr (trommer).

b) "Killers" Terningkast: 5

I 1981 kom Maiden sitt andre album ut: "Killers". Stratton hadde no blitt erstatta av Adrian Smith. Sistnemnte var ein kar bandet ville ha hatt med i fleire år, men inntil no hadde han prioritert andre prosjekt. Killers hadde ein langt betre produksjonen enn det foregåande albumet. Kvifor? Jo. Martin Birch sat bak spakane. Han hadde mellom anna produsert Deep Purple sitt legendariske Machine Head-album.

Enkelte seier at Killers er eit slett album songmessig sett - med songar som ikkje var gode nok for debutalbumet. Andre seier at dette er bandet, og kanskje også rockehistoria sitt beste verk. Di Anno slutta i bandet etter turneen. Maiden hadde blitt eit stort band, og Di Anno ville ikkje lenger vere med. Dei to første albuma har eine og åleine gitt han ein sentral plass i rockehistoria. Di Anno kunne skilte med ei sleip, pønkete og slitesterk røyst.

Wratchild var ein song som av ein eller annan grunn ikkje kom med på debutalbumet. Den gjorde seg godt på Killers, og blir spelt fast på konsertane den dag i dag. Andre høgdepunkt på albumet er Ides Of March, Murders In The Rou Morgue og tittelkuttet.

Sunday, January 14, 2007

Rock and roll aint NOISE POLLUTION (Young/Young/Scott)

Noise Pollution er eit radioprogram som eg har på Studentkanalen. Kor mange som høyrer på? Det kan umogeleg vere mange. Eg gjer det berre fordi det er artig, og hard- og heavyrock er noko eg elskar.

Vi har hatt fem sendingar til no.

1. Iron Maiden. Programmet gjekk 15. november, seks dagar før eg og 13000 andre såg dei i Vallhall. Vi spelte følgande songar: Wratchild, Run To The Hills, The Trooper, Fear Of The Dark.

2. Metallica sine tre første album. Eg hadde med meg Runar i studio. Vi spelte Seek And Destroy, For Whom The Bell Tolls, Battery og (Welcome Home) Sanitarium.

3. Def Leppard. Så gjekk vi altså frå to harde band til eit av den litt mjukare sorten. Photograph, Rock Rock (Til You Drop) (som programmet eigentleg skulle heite), Animal, Hysteria og coverlåten The Golden Age Of Rock And Roll fekk æra av å bli kringkasta.

4. Van Halen. Eg klarte å presse heile sju spor inn på ein halvtime: Eruption, Aint Talkin Bout Love, Dance The Night Away, Mean Street, Jump, Panama og Why Cant This Be Love.

5. Jolespesial. Eg kåra tidenes 13 beste hardrockalbum. Kanskje ikkje nødvendigvis mine 13 favorittar. Dette var reint objektivt sett. Eg delte det inn i "røkla": Nirvana - Nevermind, Sex Pistols - Never Mind The Bollocks, Black Sabbath - Paranoid, Led Zeppelin - Physical Grafitti, Thin Lizzy - Live And Dangerous, Extreme - Pornografitti, Bon Jovi - Slippery When Wet, Van Halen - 1984, Whitesnake - 1987, Aerosmith - Rocks. Albuma som kom "på pallen": 3. Guns N Roses - Appetite For Destruction. 2. Def Leppard - Pyromania. 1. AC/DC - Back In Black.

Ein song vart spelt frå kvart album. Eg røper ikkje kva. For sendinga ligg ute på nettet, www.studentkanalen.com, til 24. janauar. Då er eg nemleg tilbake med ei ny utgåve av Noise Pollution.

Tema?

Det blir nok anten AC/DC under Bon Scott, Aerosmith, Mötley Crüe eller temasendinga Norway vs. Sweden.

Meir info kjem.